Vil redda Fjellheim ved maktskifte
Arbeidarpartiet fekk ikkje viljen sin om Fjellheim, men lovar omkamp dersom valresultatet til hausten gjev dei makta i Os.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Reguleringsplanen for Os sentrum Vest vart vedteken i kommunestyret tysdag. Planen strekkjer seg frå rundkøyringa i sentrum, via den gamle brannstasjonen til Os Næringspark, og inngår som ein del av kommunens strategi for å fortetta i sentrumskjernen.
- Må ikkje selja identiteten vår
Men planen inkluderer fleire kjende og kjære bygningar i bybiletet. Spesielt gjeld dette det gamle kulturhuset Fjellheim, men også den gamle brannstasjonen vert rekna for å vera verneverdig av somme.
- Nyleg hadde me ein arkitekt på besøk i Oseana. Han framheva nettopp brannstasjonen som eit identitetsberande bygg for Osøyro. Det er viktig å ta vare på nokre av dei tradisjonelle bygga våre, sa Harald Døsen (Ap).
Han føreslo at korkje Fjellheim-tomta, brannstasjonstomta eller barnehagetomta skulle leggjast ut for sal. Jostein Bondevik (KrF) gav si støtte til sistnemnde.
- Ein seier at ein vil ha folk i sentrum. Skal familiar flytta til Osøyro vil dei ha tilgang til ein barnehage i nærområdet. Gjev me frå oss barnehagetomta som alt er der, er det vanskeleg å ta ho tilbake. Dette er ekstremt kortsiktig, sa Bondevik.
Torill Keys (Ap) tok på seg å snakka Fjellheims sak i det siste kommunestyremøtet før haustens val.
- Det er sagt at dei 10 mill. kroner ein ventar å få for sal av Fjellheim skal inngå i finansieringa av Oseana. Men 10 mill. kronene er relativt lite. Me bør heller samla inn pengar så me kan ha to staselege hus - osinganes kulturhus og Osøyros ungdomshus. Med små utgifter kunne Fjellheim blitt det billegaste teaterhuset i landet, sa ho.
Både Keys og Døsen varsla at dei vil reversera vedtak om sal om dei kjem til makta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Røysting
Då det skulle stemmast, fekk framlegga frå Ap som venta ikkje fekk fleirtal. Arbeidarpartiet fekk med seg Senterpartiet, og Terje Hatvik, altså 9 røyster. KrF sitt framlegg om å ta ut barnehagetomta, fekk også ni røyster, 5 Ap, to KrF, ein Sp, ein Venstre.