Det måtte ein jussekspert til for å forklara kva som var problemet med forskrifta som ikkje var ei forskrift, og korleis kommunen ser føre seg å løysa utfordringa. Spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen bakarst i biletet.
Det måtte ein jussekspert til for å forklara kva som var problemet med forskrifta som ikkje var ei forskrift, og korleis kommunen ser føre seg å løysa utfordringa. Spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen bakarst i biletet.

Vil oppheva forskrift som ikkje er forskrift

På sakskartet til Fusa formannskap førre veke, stod ei sak som etter alt å døma kunne ha vore enkel å løysa. I alle fall på papiret. Rundt bordet derimot, gjekk diskusjonen fram og tilbake.

- Eg har leita etter forskrifta som skal opphevast, men eg fann ho ikkje. Burde ikkje forskrifta liggja ved sakspapira slik at vi kan sjå kva det er for noko? Eg stusser veldig over denne saka. Har de sett forskrifta, spurte Aud-May Boge (H).

Slik starta diskusjonen i formannskapet 3. februar. Saka det vart vist til var sak 011/16 Forskrift om oppheving av skulekrinsar. Problemet var berre at det ikkje fanst noko forskrift. I alle fall ikkje på noverande tidspunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har òg leita etter forskrifta. Fusa kommune har halde seg til skulekrinsgrensene som om det var ei forskrift. Det er denne forskrifta vi no ønskjer å oppheva, påpeika rådmann Berit Fløisand.

I rådmannen sitt framlegg til vedtak heiter det: Forskrift om oppheving av skulekrinsar vert lagt ut på høyring med seks vekers frist til å koma med merknader. Med verknad frå 01.08.2016 opphevar Fusa kommune tidlegare forskrift om skulekrinsar. Det vert ikkje vedteke ny forskrift, og Fusa kommune skal såleis ikkje ha forskrift om skulekrinsar.

- Saka kjem som følgje av det vedtaket som vart gjort i desember om å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus, heldt rådmannen fram.

- Om kommunen skal leggja bort ei forskrift så må vi ha ei forskrift å leggja bort. Det er viktig at vi følgjer prosedyrane. Mange er skadelidande i saka. No må vi inn på rett spor, eller så får nokon andre ta seg av det, understreka Mikal Leigland (Sp).

- Ikkje godt nok

Magne Djuvik (Frp) meinte på si side at kommunen ikkje gjer noko annleis no, enn det som har vore tilfelle ved tidlegare strukturendringar.

- Tidlegare har vi forhalde oss til dette som om det var ei forskrift. Dersom fleirtalet ønskjer ei anna praksis, så går ein altså bort i frå det som har vore vanleg i Fusa i alle år, sa Frp-politikaren.

Boge meinte framleis at det var noko som skurra.

- Når ein skal endra noko, og bed folk om å uttala seg om endringa, så må ein jo få høve til å sjå korleis det var i utgangspunktet. Dette er ikkje godt nok, slo Høgre-politikaren fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom det ikkje finst ei forskrift, så treng ein vel ikkje å lata som om det finst ei forskrift for å kunna oppheva ho. Men kva veit eg. Dette er juss. Eg er berre ein vanleg bonde, sa Bjarte Samnøy (KrF).

- Det må vera substans i det vi legg ut på høyring. Vi må ha spelereglar. Vi kan ikkje finna på reglane undervegs, sa Leigland.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) meinte det var sjølve omgrepet som laga krøll for politkarane.

- Etter mit vit må det vel kunna gå an å omformulera vedtaket slik at ein unngår forskriftsomgrepet, sa han.

Boge derimot meinte at kommunen var nøydd til å bruka forskriftsomgrepet i ei slik sak.

- Ugyldig vedtak

I kommunestyret sitt vedtak i desember 2015, la ein til grunn at det var ei forskrift som skulle opphevast. I ettertid har ikkje kommunen lukkast i å finna forskrifta.

- At saka framstår slik som ho gjer, er sjølvsagt beklageleg. Men etter ei totalvurdering er vi komne fram til at dette er den beste måten å gjera det på. Det er sjølve saksframstillinga folk skal få høve til å koma med innspel til. Korleis vi skal praktisera krinsinndelinga, kommenterte spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen.

- Det vil med andre ord seia at førre vedtak var ugyldig, sa Leigland og viste til vedtaket om å leggja ned to skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal ikkje dra han så langt, men i saker som dette er det viktig å gjera ting rett både når det gjeld dei medmenneskelege og dei juridiske aspekta. Eg vil at de følgjer spelereglane hundre prosent. Vedtaket råkar mange. Det er ei viktig sak, la Sp-politikaren til.

- Fusa kommune har følgt prinsippa for sakshandsaming i slike saker. Dei som er råka skal få lov til å koma med innspel. Dette vart også gjort i saka som vart slutthandsama i desember, understreka Teigen.

Djuvik var samd i at det var beklageleg at forskrifta ikkje var å oppdriva. Han meinte likevel at ho måtte opphevast, sjølv om ein ikkje hadde "svart på kvitt kva som stod der".

- I alle tidlegare saker har vi handtert problemstillinga som om det fanst ei forskrift, gjentok han.

Boge argumenterte for at saka ikkje var tilstrekkeleg utgreidd. Ho bad om at saka vart sendt attende til administrasjonen for ytterlegare utgreiing, og for at kommunen skulle få høve til å leita meir etter den etter kvart så berømmelege forskrifta. Forslaget vart nedstemt med fem mot fire røyster.