Vil ikkje ha bubilparkering i Haugsnesfjero
Kommunen ynskjer å fylla ut eit område innanfor moloen i Haugsnesfjero for å laga ein oppstillingsplass for 12 bubilar. Det har fått naboane i området til å protestera.
Wenche M. Eriksen
wenche.eriksen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
I gjeldande reguleringsplan er det aktuelle området avsett til parkering. Dette ynskjer kommunen no å gjera om til ein oppstillingsplass for bubilar. Meininga er å utvida vegen ut til moloen til ei breidde på ca 5,5 meter. Parkeringsplassane skal dimensjonerast for liten lastebil, og kvar av dei vert 4 x 8 meter. For å få dette til, lyt ein fylla i sjøen der p-området kjem. Fronten av fyllinga skal "plastrast" med naturstein.
På vegner av Os kommune sende ABO Plan & Arkitektur AS nyleg ut nabovarsel om bubilparkeringa på Haugsneset, og fleire av dei næraste naboane har reagert på å få ei bubilparkering så tett innpå seg.
- Dette kan ikkje vera særleg godt gjennomtenkt. Området ligg midt inne i eit etablert bustadområde, og mange nyttar seg av badestranda i Haugsnesfjero om sommaren, seier Bente Karstad. Ho og mannen Einar bur i 1. etasje i Hamnevegen 65, og frå stova og terrassen har dei utsyn rett mot moloen og området der bubilane vil bli ståande.
-Eg meiner kommunen heller bør ta vare på dei etablerte her ute, enn å ivareta interessene til dei som er på gjennomreise, meiner Karstad.
-Men kva er de eigentleg redde for?
- Det vil utan tvil føra til meir støy og uro i området, både frå folk og frå bubilaggregata. Eg skjønar rett og slett ikkje kvifor ein skal plassera bubilane heilt nede i fjøresteinane her ute. Det må då finnast andre og betre eigna plassar til dette i Os, seier ho.
Protestar
Etter at bebuarane i Haugsnesfjero Burettslag (Vindu mot Fjorden) fekk nabovarselet tilsendt 12. mai, var dei snare med å senda inn merknad til kommunen. Her peikar dei mellom anna på at trafikken har auka monaleg i området etter fleire nyetableringar i Irisgården med legar, apotek, treningssenter osv. I tillegg er det bygd nye leilegheiter på Solsio Terrasse.
- Fredags ettermiddag og laurdagar er det ekstra stor trafikk inn til vinmonopolet. Det er til tider mest uråd å koma inn og ut av krysset frå Hatvikvegen, og store bubilar vil gjera det endå verre, seier Bente.
Artikkelen held fram under annonsen.
I brevet til kommunen, peikar burettslaget også på at hamna og sjøen primært må nyttast til maritime føremål. "Vi har allerede mange båter liggende i gjestehavnen hele sommeren, og det er urimeleg at vi i tillegg får boligcamp helt opp i vårt boligområde", skriv leiaren i burettslaget, Hilde Nygaard, i merknaden.
Stor skepsis
Bente og Einar Karstad flytta frå Bergen til Os då leilegheitene i Vindu mot Fjorden stod ferdige i 2007, og stortrivst med å bu heilt i sjøkanten. Han driv sitt eige byggjefirma, og ho jobbar som reiseleiar, og flyttinga skapte såleis ingen problem i høve til arbeidsplassane deira.
- For oss er plassen heilt perfekt. Me hadde båtplass i Os i fleire år før me flytta hit, så me kjente bygda frå før, fortel Bente.
- Vil de ta fleire initiativ for å stoppa planane for ei bubilparkering i Haugsnesfjero?
- Ja, me hadde generalforsamling i burettslaget førre måndag, og då fekk me høve til å diskutera saka litt grundigare. Både me som bur her, og dei som bur i privathus og på Solsio er skeptiske til desse planane. Det dukkar stadig opp nye moment som me vil senda inn som merknad til kommunen, seier ho.
- Me håpar også at Fylkesmannen vil sjå litt grundigare på denne saka, seier Bente Karstad.