Vil ha skulelekser framfor heimelekser
SV vil ha leksene bort frå heimen og inn i skuledagen. - Ein viktig føresetnad er at leksehjelparen er ein pedagog og ikkje ein assistent. I tillegg må me ha fleire lærarar i skulen, sa SV-leiar Audun Lysbakken då han vitja Os onsdag.
Like etter skuleslutt onsdag fekk lærarane ved Hegglandsdalen skule besøk av partileiaren i SV og to frå Os SV, leiaren Oddne Bjørnør Horg og nestleiar Hege Bjørnør.
Audun Lysbakken (f. 1977) er ein røynd politikar. Han vart første gong valt inn på Stortinget for Hordaland i 2001. Han var også barne- og likestillingsminister i Jens Stoltenberg si andre raudgrøne regjering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rektor Jarle Reppen og lærar-ane ved skulen baud politikarane inn på kaffi og frukt, og det var ingenting å seia på stemninga rundt bordet.
Lysbakken sitt bodskap om å få leksene inn som ein del av skuledagen, er eit tema som er interessant og relevant, både for lærarar, elevar og foreldre.
- Eg stilte spørsmålet om skulelekser kontra heimelekser til ein klasse i fjor, og storparten var faktisk innstilte på å bli litt lenger på skulen for å gjera lekser. Men det var også ei smertegrense for dei. Det må ikkje dryga for lenge, for mange er slitne etter ein lang skuledag, fortalde rektor.
Gode resultat
- Fleire skular har alt prøvd ut ordninga med skulelekser, og med gode resultat. På ein skule i Lofoten - og ein i Rana i Nordland - har dei valt å leggja inn ein ekstra time om morgonen, og det har vore bortimot 100 prosent oppslutnad om tilbodet, fortel Audun Lysbakken.
Nyleg vart det også kjent at Møhlenpris skule i Bergen vil prøva ordninga med skulelekser, etter initiativ frå foreldra.
- Korleis organiserer dei leksehjelpa der?
- Her får elevane frå 4. til 7. klasse eit tilbod om å få ein leksetime kvar måndag og onsdag. Dei har valt å ta det etter vanleg skuletid, med kontaktlærar til stades. På den måten kan læraren aktivt følgja opp elevar som treng det, fortel han.
Kan vera tøft for foreldra
Audun Lysbakken peika også på tidsklemma som mange foreldre opplever.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje til å stikka under ein stol at mange foreldre tykkjer det blir mykje mas og kav for å få borna til å gjera lekser om ettermiddagen og kvelden. Det er heller ikkje alle foreldre som kan gje borna leksehjelp, på grunn av språkproblem, kveldsarbeid eller andre utfordringar.
- Eg trur også borna vil setja pris på å bruka ettermiddagane og kveldane til andre ting enn lekser. Men dette skal vera ei friviljug ordning, og elevar som ynskjer å gjera leksene heime, har sjølvsagt høve til det, sa SV-politikaren.
- Skal dette innførast, må det også følgja ressursar med. Og det må vera eit krav om at det må vera ein pedagog til stades, påpeika rektor Jarle Reppen.
- Ja, her er me heilt klare på rekkjefølgjen. Først må det fleire lærarar inn i skulen, og så må me få ein nasjonal ressursnorm som seier noko om talet på elevar i høve til lærarar på dei ulike trinna, sa Audun Lysbakken.
- Eg trur dette vil bli gjennomført ein dag. Det er eit stort engasjement både blant lærarar og foreldre. Også borna er opptekne av dette, og spør seg kvifor dei ikkje skal ha fri når skuledagen er over, avslutta SV-politikaren frå Bergen.