Dag Rune Klakegg, Terje Søviknes og Eirik André Hesthamar i Os Frp lovar å jobba for ny ishall for Os-bygda.
Dag Rune Klakegg, Terje Søviknes og Eirik André Hesthamar i Os Frp lovar å jobba for ny ishall for Os-bygda.

Vil ha ny ishall på Søfteland i 2017

I løpet av to år ønskjer Framstegspartiet å byggja ishall for skøytesport, kunstløp og dei som berre vil ha det kjekt på isen. - Først var det Osbadet, deretter Oseana, og no Os Ishall, seier Terje Søviknes.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I det skjulte har representantar frå Os Frp undersøkt kva som krevst for å byggja ein ishall i bygda. Dei har nytta høvet til å ta små ekskursjonar frå landsmøtet og andre arrangement til å utforska ishallar rundt om i landet.

- Eg og Gustav Bahus var til dømes og såg på ishallen på Ullensaker no nyleg. Det er ein veldig lekker hall. Tanken føddest - kanskje me kan få til noko slikt i Os?

Ti år gamal idé

Ute på Søfteland har dei hatt planen klar i lange tider. Særleg har Dag Rune Klakegg (som denne veka vart oppført på Frp si valliste), jobba for saka.

Slik ser frontpartiet til is- og fleirbrukshallen i Jessheim ut.
Slik ser frontpartiet til is- og fleirbrukshallen i Jessheim ut.
Os Frp ønskjer å få til isbane i Os, slik som denne på Jessheim.
Os Frp ønskjer å få til isbane i Os, slik som denne på Jessheim.

- Eg kom på denne ideen for ti år sidan. Min første tanke var at dette måtte vera genialt å få på plass i kombinasjon med Osbadet. Slik gjekk det ikkje, men ideen forsvann ikkje, seier Klak-egg.

I staden tok dei til å jobba for å få ishallen på Søfteland. Først møtte dei motstand (sjå sak side 4), men no i vår var ishockey og skøytesport plutseleg på alles lepper.

- Det var vel i samband med landskampen mellom Noreg og Latvia i april at dette verkeleg kom opp, fortel Klakegg.

Same helga hadde Søviknes møte med leiinga i Noregs Is- hockeyforbund.

Eit behov i Bergen sør

-Ja, me var nøydde til å gjera grundige undersøkingar. Me har blant anna sett på kva det totale behovet for ishallar er i bergensregionen, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bergen har ein Bergenshallen på Slettebakken, Iskanten i Loddefjord, og noko er på gang i Åsane. Men i Bergen sør finst det ingenting.

- Ein ishall på Søfteland kan på same måte som Osbadet, tiltrekkja seg folk frå heile regionen.

- Vert dette ein fleirbrukshall eller spesifikt til skøytesport og ishockey?

- På sikt kan ein sjå for seg både fleirbrukshall og kunstgrasbane, men no i første omgang snakkar me om ein ishall. Det meiner eg er realistisk å byggja på to år, seier Søviknes.

Levande miljø på Søfteland

Eirik André Hesthamar legg til at dette er noko som spring ut av lokalt engasjement og kompetanse på Søfteland.

- Dette er ikkje noko me berre trekkjer opp av hatten. Det finst eit miljø som er oppteke av ishockey på Søfteland. Me er heilt avhengige av den kompetansen som finst der for å byggja opp eit skikkeleg tilbod i den nye hallen, seier Hesthamar.

Krinsen er i kraftig vekst, og har behov for fleire tilbod.

- I dag er det rundt 1.700 som bur på Søfteland, og med bygging i Hjellemarka kan det bli nærmare 3.000 om fem år, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klakegg drøymer om at ein kan få ein kafé i hallen, kanskje med eit bordtennisbord i eit hjørne, slik at ungdom i den raskt veksande krinsen kan ha ein plass å vera på kveldstid.

- Ishockey og annan skøytesport er for alle. Du kan begynna når du er 3 år og driva på med det til du er 70 år. Det er ein fantastisk sport. Me vil byggja opp ein klubb som kan vera både for osingar og for heile Bjørnefjordsregionen, seier han.

På Søfteland har dei spelarar både på U7, U8, U10, U12-jentelaget, U13/U14 og U16. Idrettsmiljøet på Søfteland har erfaring med å driva både klubb og hall gjennom engasjement i Bergen Is- hockeyklubb.

- Ungane våre elskar å spela ishockey. Men ein del sluttar i sporten på grunn av den lange reisetida til Bergen, seier Klakegg.

Noreg ligg langt bak

Terje Søviknes legg til at det vert eit tilbod ikkje berre for søftelendingar, men for heile Os og sørenden av Bergen. Han får støtte frå Klakegg, som er med i styret for Bergen Ishockeyklubb og er engasjert på fylkesnivå.

- Noreg treng fleire ishallar. Me har berre 45 ishallar, medan Sverige har 342. Noreg ligg langt bak andre vinteridrettsnasjonar, seier han.

For å få fleire ishallar på plass i Noreg har staten gjort det ekstra gunstig å byggja slike hallar.

- Men kva vil noko slikt kosta?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei kalkylane me har sett tyder på at ein kan byggja til 30 mill. kroner. Det er ein god del pengar, men me ser at is-sport manglar i tilbodet i Os. Difor er det rett å satsa på dette no.

- Samtidig veit me at halvparten av beløpet kan me få tilbake via spelemidlar, seier Hesthamar.

- Kapasiteten i hallane i Bergen er alt sprengt, så me veit frå før at behovet er der, seier Hesthamar.

Kommunen eig alt tomta nedom Eikhaugvegen, og ho er sett av til idrettsføremål. Søviknes har alt hatt enkelte sponsorar i tankane til å vera med på finansieringa. At kommunen må ta brorparten, er likevel sannsynleg.

Som Osbadet

- I kvar valperiode har me prøvt å ha eit tiltak som kjem i tillegg til primærtilbodet til innbyggjarane, gjerne retta mot sport eller kultur. I første periode hadde me Osbadet. Deretter kom Oseana. I denne perioden har det vore dobbel idrettshall på Kuventræ. Og vårt neste mål er altså ishall på Søfteland, seier Søviknes.

Han understrekar at dette ikkje er forankra i kommunestyret enno, men vonar at alle parti kan stilla seg bak initiativet.