Vil ha lysløype i stadig meir populære Osmarka
Etter at den nye skogsvegen mellom Tøsdal og Nordmarka vart opna og private dugnadsaktørar fekk bygd Knutabruo, har aktiviteten i Osmarka vakse monaleg. No vert det teke til orde for lysløype.
På vegner av Peder Fløysand og Miljøpartiet Dei Grøne har Nils-Anders Nøttseter sendt eit felles innspel til kommunen om lysløype i Osmarka.
Innspelet er meint for handlingsprogrammet til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er viktig at kommunen klarer å prioritera uorganiserte lågterskeltilbod når det gjeld bruk av denne typen budsjettmidlar. Etter at den nye skogsvegen mellom Tøsdal og Nordmarka vart opna, og spesielt etter private dugnadsaktørar fekk bygd Knutabruo, har aktiviteten i Osmarka vakse dramatisk. No er det også lagt opp til ein ny skogsveg i området for å redusera konfliktnivået mellom turgåarar og rideklubben, skriv Nøttseter.
Han peikar på at det er mange i bygda som ikkje har kapasitet til å gå på Borgafjellet, men som no har fått langt betre tilgang til turløyper i skog og mark i sentrumsnære område.
- Barnehagar og eldre innbyggjarar har auka bruken av området, og turgåarar og joggarar i alle aldrar er der stort sett kvar dag, konstaterer Nøttseter.
Han argumenterer med at dette er det einaste attverande sentrumsnære området av denne typen, og meiner "vi må forvalta det godt for både noverande og framtidas innbyggarar".
- Kommunen må vera varsam med vidare utbygging i tett tilknyting til Osmarka, og vi meiner det er viktig å investera i varig friluftsbruk av området. Osingar er like glad i Osmarka som innbyggjarane i Oslo er i Oslomarka.
Med lys i Osmarka ser initiativtakarane for seg at den flittige bruken av turløypa kan halda fram heile hausten og vinteren, og når - og viss - snøen kjem, så har ein ei sentrumsnær skiløype.
- Vi har ikkje sjølv oversikt over kostnader og kompleksitet for eit slikt prosjekt, så difor foreslår vi at kommunen set av ressursar til å prosjektera lysløype i Osmarka med mål om vidare finansiering og gjennomføring i seinare budsjettperiodar, avsluttar Nøttseter på vegner av Fløysand og MDG.