Trinn 2 i skulesaka skal takast stilling til i april. No bed rådmann Berit Fløisand om ei avklaring av kva alternativ som skal utgreiast. (Arkivfoto)
Trinn 2 i skulesaka skal takast stilling til i april. No bed rådmann Berit Fløisand om ei avklaring av kva alternativ som skal utgreiast. (Arkivfoto)

Vil ha avklaring

Rådmann Berit Fløisand bed om ei avklaring av kva som skal utgreiast i trinn 2 av skulestruktursaka.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I november føreslo rådmannen ein tiltakspakke der ein endar opp med éin barneskule i Fusa på sikt.

Då saka skulle handsamast av kommunestyret i budsjettmøtet før jul, var ikkje politikarane viljuge til å gå inn for ei slik løysing.

Kommunestyret, det vil seia fleirtalet i kommunestyret, bad i staden rådmannen om ei ny sak vedrørande trinn 2 i skulestruktursaka.

Saka skal etter planen handsamast i april, og no bed rådmannen kommunestyret om hjelp.

- Kva alternativ skal utgreiast vidare? spør ho.

Sjølv meiner ho følgjande alternativ kan vera aktuelle:

. Tre barneskular: Eikelandsosen, Fusa og Søre Fusa. Samanslåing av Nore Fusa skule med Eikelandsosen/Holdhus skule.

. To barneskular: Eikelandsosen og Fusa. Samanslåing av Nore Fusa og Søre Fusa skular med Eikelandsosen/Holdhus skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

. To barneskular: Eikelandsosen, med ei avdeling i Søre Fusa og Fusa. Samanslåing av Nore Fusa og Søre Fusa skular med Eikelandsosen/Holdhus skule. Søre Fusa skule vert ei avdeling under skulen i Eikelandsosen.

- Finst det andre alternativ, spør rådmannen i sakspapira til onsdagens formannskapsmøte.

Vidare har kommunestyret bede om ei sak om organisering av barnehagar og SFO. Rådmannen ønskjer òg ei avklaring av mandatet sitt i samband med den saka.