Vil gjera Os til eit demensvenleg samfunn: Vil tilby kurs til taxisjåførar og frisørar
Kva gjer du som taxisjåfør dersom han som sit i baksetet plutseleg ikkje veit kvar han skal lenger? Eller som butikkmedarbeidar når ho som kjem i kassa ikkje klarer å bruka bankkortet sitt?
Meir enn 77.000 menneske har demens i Noreg i dag. Fram mot 2040 vert talet, ifølgje Nasjonalforeningen for folkehelsen, truleg dobla.
– Det er store mørketal. Veldig mange har ikkje fått nokon diagnose enno, seier Gisle Hesjedal og Trine Lindborg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med resten av Arbeidarpartigruppa i kommunestyret i Os, ønskjer dei to politikarane å fremja eit forslag, eller ein interpellasjon, i kommunestyremøtet 19. februar om at Os, og etter kvart Bjørnafjorden, skal verta ein demensvenleg kommune.
Så langt har 115 kommunar stilt seg bak Nasjonalforeningen sin landsomfattande kampanje. Men berre to av kommunane er lokaliserte i Hordaland, Fjell og Askøy.
– Vi vil at Os og Bjørnafjorden skal bli den neste, seier Lindborg.
Kunnskap og forståing
Så kva vil det eigentleg seia å vera eit demensvenleg samfunn? Ifølgje Lindborg og Hesjedal handlar det om livskvalitet og verdighet for dei som er råka. For å oppnå det, må ein sjå på kva Os som lokalsamfunn, og vi som medmenneske, kan gjera, for å betra livskvaliten og kvardagen til dei som er sjuke.
– Det hjelper ikkje å ha med handleliste på butikken når du ikkje klarer å hugsa kva melk er, seier Hesjedal.
Med andre ord: Det er trong for meir kunnskap og forståing for kva sjukdomen inneber. Og ikkje berre frå pårørande. Men frå personane ein treffer i kvardagen: Taxisjåføren, butikkmedarbeidaren, bibliotekaren, servitøren og dei som arbeider i kommunens servicetorg.
– Målet med kampanjen er at menneske med demens skal møta forståing, respekt og støtte frå dei gruppene dei treng hjelp frå i kvardagen. På den måten vert det mogleg å utføra vanlege kvardagsaktivitetar som å handla, bruka offentleg transport og å kommunisera med offentlege styresmakter, heiter det på Nasjonalforeningen for folkehelsen si nettside.
– Tanken er at innbyggjarane våre skal ha eit godt liv, sjølv med demens. Det handlar om å hjelpa dei som er i ein mellomfase av sjukdomen, og å gje dei den tryggleiken dei sjølve, og deira pårørande, treng for framleis å koma seg på butikken eller til frisøren på eiga hand, seier Lindborg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at dei i Fjell kommune har fått til eit samarbeid med Sartor Senter.
- Dei tilsette der har vore veldig nøgde med kursopplegget og det har blitt status å kunna henga diplom og klistremerke på vindauga for å visa at dei tilsette i denne butikken har gjenomført kurs, og blitt ein demensvenleg butikk.
– Vinn, vinn, vinn og vinn
For å bli ein demensvenleg kommune må Arbeidarpartiet, i første omgang, få kommunestyret med på laget.
Deretter skal det signerast ein forpliktande avtale med Nasjonalforeningen. Avtalen går mellom anna ut på at det skal opprettast ei arbeidsgruppe som skal sjå på kva lokale tiltak det er trong for.
Vidare skal arbeidsgruppa koma fram til kva yrkesgrupper som kan ha nytte av opplæringa som Nasjonalforeningen har utarbeidd undervisningsmateriell til.
– I samband med framlegget har eg vore i kontakt med både taxinæringa og fleire av butikkane i Os. Det som er så kjekt er at responsen og tilbakemeldingane frå alle eg har snakka med er utruleg god, seier Lindborg.
– Vi er avhengige av hjelp frå næringslivet i Os og frivillige organisasjonar. I tillegg til å gje dei som er sjuke ein betre kvardag, kan arbeidet kanskje føra til at vi får fleire aktivitets- og demensvener, seier Hesjedal, som meiner tiltaket må karakteriserast som eit vinn-vinn-vinn-vinn-tiltak for alle involverte.
– Alle kjem godt ut av det. Både dei som er sjuke, dei pårørande, kommunen og yrkesgruppene som får høve til å gå på kurs, seier Ap-politikaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kursmateriellet er gratis. Det betyr at ein med små midlar kan henta ut store gevinstar, seier Lindborg og legg til:
– Vi må våga å snakka om demens og ta tak i dei utfordringane som er der. Korleis skal vi få folk til å bu heime lengst mogleg dersom vi ikkje legg til rette for det? Av dei som i dag lever med demens, antar ein at rundt 4.000 er under 65 år. Dette er ofte fysisk spreke og oppegåande personar som sjølvsagt vil bu heime og leva liva sine som før sjukdommen ramma dei. Men då må tabu brytast og kunnskapen aukast hos oss alle, meiner Lindborg og held fram:
- Dess fleire som veit, dess tryggare er det. Og kanskje er det enklare for dei som treffer den demente litt forvirra i butikken, eller på spasertur dårleg kledd, å då ta ein telefon til dei pårørande eller kommunen for å sjekka at ting er avklart og i orden.
I tillegg meiner Lindborg at tittelen og kvalitetsstempelet «demensvenleg kommune», vil vera god reklame og positivt for omdømet til Os og Bjørnafjorden.
camilla.kvamme@osogfusa.no