Vil byggja fotballhall og fleirbrukshall ved idrettsparken
Lysekloster IL ønskjer å byggja fotballhall og fleirbrukshall i tilknyting til eksisterande Lysekloster Framo Idrettspark.
- Lysekloster IL har i lengre tid hatt planar om å byggja ut idrettsanlegget vårt rundt Lysekloster Framo Idrettspark. No er me i gang med forprosjektering, seier dagleg og sportsleg leiar i Lysekloster IL, Svein Kollen.
På teiknebordet har dei skissert forslag til ny fotballhall og fleirbrukshall like ved den nye vegen til Lysekloster.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Som ein ser på teikningane vil fotballhallen liggja like ved avkøyringa til den nye Lyseklostervegen. Dermed vil hallen vera lett tilgjengeleg for folk frå heile Bergen syd og elles i Os kommune, seier Kollen.
I gang med forprosjekt og analyse
Idrettslaget har i samarbeid med Norconsult starta med forprosjekt som også omfattar ein samfunnsanalyse. Både infrastruktur, skulevekst, auka innbyggjartal og auka medlemsmasse i idrettslaget er ein del av denne analysen.
- Med den nye E39 og godkjend trasé frå Lyseparken mot Lysefjorden vil dette området på kort tid få ei enorm vekst. Då gjeld det å vera i forkant og leggja til rette for auka aktivitet, seier Kollen.
Han viser til at Os kommune per dags dato har mange kunstgrasbanar i kommunen, men ingen med tak over.
- Ein kommune på storleik med Os bør ha ein innandørsbane. Andre kommunar me kan samanlikna oss med, har det, seier Kollen.
I eit skriv til Os kommune opplyser idrettslaget at dei vil koma tilbake med eit meir konkret innspel og teikningar når rapporten frå Norconsult er ferdig i 2017.
Enormt område
Den daglege og sportslege leiaren i Lysekloster IL legg til at idrettslaget også vil sjå på høva for at anlegget på Lysekloster kan bli interkommunalt.
- Med den nye vegen vert me svært sentralt plassert i Bergen syd-området. Frå hallen til Endelausmarka vil det berre vera halvtanna minutt å køyra. Det vil seia at innanfor ein 20-25 minutts køyretur famnar me eit område på bortimot 150.000 menneske, konstaterer Kollen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at ein eventuell hall på Lysekloster vil bli den storhallen i Bergen som ligg nærast til Bergen Lufthavn på Flesland.
Fleirbrukshallen er også tenkt å dekkja for halltid som kommunen uavhengig av deira nye dobbelthall på Kuventræ, vil ha behov for.
- Her tenkjer me å leggja til rette for andre inneidrettar som klatring, treningsstudio, squash og ein del anna, i tillegg til klassiske innandørsidrettar som handball, volleyball og basketball, seier Kollen.
- Når kan eit anlegg som dette realistisk sett sjå dagens lys?
- Dersom alt går som me håpar både med tanke på finansiering og velvilje frå kommunen, kan ein slik fotballhall med tilhøyrande fleirbrukshall stå ferdig i slutten av 2018, starten av 2019.
Ideen til kombiløysinga fotballhall og fleirbrukshall fekk Lysekloster IL av sine vener i Veavåg IL på Karmøy.
- Dei opna hallen sin i 2015. Me meiner ei slik løysing er heilt super, seier Kollen.