Vil bidra til ei hyggeleg påskefeiring
Evy Søfteland og Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa, samlar inn påskeposar og påskeegg som dei vil gje vekk til dei som ikkje har så mykje å rutta med.
- Vi gjorde det same i fjor også. Det var stor suksess, og vi fekk inn store mengde påskegodt. I år har ikkje responsen vore så stor, men det er nokre som har sagt at dei ønskjer å bidra, så får vi sjå kor mykje som kjem inn, seier Søfteland.
Tar gjerne imot kaffi og frukt
Trass i rekordbillig smågodt grunna priskrig mellom matvarebutikkane, er det ikkje alle som kan ta seg råd til å kosa seg i påska.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Godteri er utruleg billig no, men det er likevel ikkje alle som har høve til å kjøpa, seier Søfteland og legg til:
- Då vi gav bort julekorger i samarbeid med handballgruppa på Nore Neset var eg i kontakt med tannlegar, og fekk mange små tannkrem-tubar. Det må gjerne vera noko anna enn godteri i påskeposane og påskeegga. Kaffi og frukt er til dømes minst like kjekt å gje bort.
Mange har behov for hjelp
Påske-bidraga går til personer, og familiar i både Os og Fusa, som ikkje er så godt stilt økonomisk.
- Dette er folk som tek kontakt via Facebook og andre stader. Ofte er det slik at dei kjenner andre som er i same situasjon, seier Søfteland.
- Det er som oftast osingar vi er i kontakt med, men vi hjelper også folk på andre sida av fjorden. Då er vi avhengige av at dei hentar, eller så kan vi senda varene med ferja.
Planen er å få levert påskeposane og egga innan påskeaftan.
- Vi gir det gjerne før det også, men vi vil få inn så mykje som mogleg får det skal leverast, seier Søfteland.