Christian Fotland er oppteken av relasjonar. Den nye rådmannen har satt seg fore å bruka den første tida i ny jobb på å verta betre kjent med kommunen og dei som arbeider der.
Christian Fotland er oppteken av relasjonar. Den nye rådmannen har satt seg fore å bruka den første tida i ny jobb på å verta betre kjent med kommunen og dei som arbeider der.

Vil bidra til å utvikla Os vidare

Det var lett å takka ja til rådmannsposten i Os. Det seier den ny rådmannen i kommunen, Christian Fotland (49).

- Stillinga har lege i underbevisstheita mi lenge. Då moglegheita baud seg, var det enkelt å motivera seg for jobben, seier den nytilsette rådmannen.

Fotland byrja i stillinga som administrerande direktør ved Høgskulen i Bergen i september 2015. Men av di høgskulen skal slå seg saman med to andre høgskular, kjem direktørstillinga i Bergen til å verta borte. Det gjorde valet endå enklare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dessutan har eg vore rådmann i andre kommunar i mange år. Eg kan faget godt, seier han.

- Må driva rasjonelt

Fredag hadde Fotland sin første arbeidsdag i rådhuset i Os. Han hadde ikkje vandra korridorane lenge, før han kunne slå fast at stemninga var spesiell.

- Det er utruleg kjekt å helsa på dei som jobbar i rådhuset, og sjå all kompetansen som finst her. Eg er imponert. Alle er utruleg positivt innstilte, seier han.

Christian Fotland trivst allereie godt i rådmannsstolen i Os. Etter å ha vore på ei helserunde på huset, slår rådmannen fast at han er imponert over kompetansen som finst i korridorane.
Christian Fotland trivst allereie godt i rådmannsstolen i Os. Etter å ha vore på ei helserunde på huset, slår rådmannen fast at han er imponert over kompetansen som finst i korridorane.

Den nye rådmannen har, naturleg nok, ikkje fått høve til å setja seg inn i alle sakene enno. Men på spørsmål om kva som kjem til å verta dei største utfordringane for kommunen i åra som kjem, trekkjer han mellom anna fram folketalsvekst.

- Vekst kan by på moglegheiter og utfordringar. Å byggja opp infrastrukturen til kommunen i takt med veksten, er krevjande. Det som er viktig er at ein byggjer kommunen ut på ein fornuftig måte, og at ein tenkjer heilheit, påpeikar han.

Kommuneøkonomi er òg alltid eit sentralt tema for ein rådmann.

- Det er viktig å driva rasjonelt. Vi må ha fokus på å få mest mogleg ut av kvar krone, meiner han.

- Glad i Os

Fotland er utdanna pedagog. I 1995 vart han Noregs yngste rektor då han som 28-åring tok fatt på rektorgjerninga ved Øygarden ungdomsskule. Sidan har han hatt leiarstillingar. Først som oppvekstsjef i Åsane bydel, deretter som rektor igjen, før han tok over som rådmann i Radøy kommune i 2006. Seks år seinare flytta Fotland austover og tok fatt på rådmannsjobben i Lillehammer.

Artikkelen held fram under annonsen.

No ser han fram til å vera med på å utvikla Os vidare.

- Os har ord på seg for å vera framoverlent. Eg ser fram til å verta kjent med politikarane i kommunen og sjå korleis dei arbeider, seier han.

Fotland trekkjer fram Oseana kunst- og kultursenter og Osbadet som døme på tiltak kommunen har lukkast med.

- Det er fantastisk at ein forholdsvis liten kommune som Os er i stand til å skapa slike arenaar for innbyggjgarane sine, meiner han.

Fotland veit kva han snakkar om. Han kjenner kommunen godt. Foreldra bur i Mobergsbakken, søstera på Strøno. I tillegg har svigerforeldra hans hytte på Halhjem.

- Vi har feriert der i meir enn 20 år. Eg kan seia at eg er glad i Os, seier han.

- Offensiv og entusiastisk

Den første tida i rådmannsstolen kjem Fotland til å bruka på å verta endå betre kjent med kommunen, og alle som er tilsette der.

- Eg er oppteken av relasjonar. Ein får ting til betre ved å snakka saman. I løpet av våren kjem eg difor til å besøka alle einingane i kommunen. Målet er å få eit betre innblikk i dei ulike tenestene, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotland skildrar seg sjølv som samfunnsengasjert. I tillegg er han offensiv, entusiastisk og har eit godt humør.

- Eg er open og lyttande, og innser at eg ikkje sit på all kompetansen sjølv. For meg er det viktig å bruka folka eg har rundt meg, seier den nye rådmannen.