Barne- og likestillingsminister, Solveig Horne, vitja Os tysdag for å høyra om kommunens arbeid med born og unge og foreldra deira, samt barnevernstenesta.
Barne- og likestillingsminister, Solveig Horne, vitja Os tysdag for å høyra om kommunens arbeid med born og unge og foreldra deira, samt barnevernstenesta.

- Viktig med informasjon frå kommunane

- Kommunane er flinke til å visa kva dei er gode på, men eg ønskjer helst at dei er tydelege på kor utfordringane ligg, seier Barne- og likestillingsminister, Solveig Horne (Frp).

Tysdag vitja Horne Os for å få ei innføring i kommunens arbeid med barn og unge og deira familiar, samt barneverntenesta. Ho var i Bergen for å vitja behandlingsinstitusjonen Betanien BUP V27, og tok seg ein tur til Os i same slengen.

- Det er kjekt å vitja Os, seier Horne og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig å få informasjon frå kommunane om korleis dei jobbar for å syta for best mogleg oppfølging av born, unge og familiar, samt for å høyra om samarbeidet på tvers av einingane og korleis dette fungerer, og kva utfordringar som eventuelt hindrar, eller gjer jobben vanskelegare.

- Det viktigaste går føre seg i kommunane

Kommunalsjefane for oppvekst og kultur, og helse, omsorg og beredskap, Line Rye og Nils-Petter Borge, var tilstades saman med representantar frå ulike einingar, som barnevernet og førebyggande helsetenester. Også nokre politikarar og rådmannen var i formannskapssalen tysdag. Før møtet poengterte Horne til Os & Fusaposten kvifor det er viktig å vitja kommunane for å høyra korleis dei jobbar.

- Vi kan sitja i departementet å laga lover og forskrifter, men den viktigaste jobben går føre seg ute i alle kommunane, seier Horne.

Opptekne av oppgåvene

Det var tydeleg at dei kommunale representantane sette pris på besøket frå statsråden.

- Det er inspirerande å høyra korleis du tenkjer, og lesa i pressen om arbeidet som blir gjort i departementet. Eg er glad for at du valte å koma til Os, seier Line Rye.

Ho fortalte vidare om samarbeidet mellom oppvekst og kultur, og helse, omsorg og beredskap.

- Nils-Petter og eg har to ulike ansvarsområde, men vi jobbar på tvers av tenestene. Eg har born og unge, Nils-Petter har dei vaksne. Utfordringar som gjeld born, handlar også ofte om vaksne og heile familiesituasjonen, seier Rye.

Eit prov på samarbeidet er det faktum at Ryes eining har vore med og finansiert ei psykologstilling til helse, omsorg og beredskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er mindre opptekne av korleis vi er organisert, og meir opptekne av oppgåvene våre.

Alle vil det beste for borna

Statsråden poengterte at det er viktig med gode ordningar. Godt samarbeid er vegen å gå, men Horne kom med eit eksempel på at det også kan vera utfordrande å samarbeida.

- Alle vil det beste for borna, men dei ulike tenestene har gjerne ulike oppfatningar om korleis ein best kan syta for det, utifrå korleis dei er vane med å jobba.

Enn så lenge ser ikkje samarbeidet på tvers av tenestene i Os ut til å vera eit problem.

- Vi har framleis eit stykke å gå, men vi meiner vi er på rett veg, seier Nils-Petter Borge.