I samarbeid med beredskapsleiinga i Os kommune har Os Røde Kors sett inn fleire tiltak i samband med stormen som er antatt å treffa Vestlandet i morgon ettermiddag. (Arkivfoto)
I samarbeid med beredskapsleiinga i Os kommune har Os Røde Kors sett inn fleire tiltak i samband med stormen som er antatt å treffa Vestlandet i morgon ettermiddag. (Arkivfoto)

Viktig informasjon frå Os Røde Kors

I samarbeid med beredskapsleiinga til Os kommune, vil Os Røde Kors setja inn desse tiltaka i samband med ekstremvêret Urd som treffer Os i morgon.

Røde Kors-huset, ved Os vidaregåande skule, vil vera døgnope frå klokka 16.00 2. juledag til beredskapssituasjonen er avslutta.

- Dei som har behov for, i tilfelle straumbrot, å varma småbarnsmat, henta vatn fordi deira eiga pumpe ikkje verker, lada mobiltelefon eller har eit behov for å vera saman med nokon i ein ukomfortabel situasjon, er hjarteleg velkomne, skriv Os Røde Kors i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medlemmer i Hjelpekorpset, Beredskapsvaktene og Besøkstenesta er kalla inn for å bistå kommunen med å ivareta personer med særlege behov, i første rekkje personer med tryggleiksalarm.

- Dersom mobiltelefonnettet sluttar å fungera, vil desse ikkje kunna melda om behov for hjelp, og vil difor bli besøkt med jamne mellomrom for å sikra at velferda deira er god også når det ligg føre ein spesiell situasjon, skriv Røde Kors.

Medlemmene vil også stå i beredskap for å bistå i andre situasjonar som måtte oppstå og kor kommunens profesjonelle ikkje vil ha tilstrekkeleg kapasitet eller kor dei må prioritera andre oppgåver.