- Problemstillinga blei plutseleg veldig aktualisert med tanke på flyktningkrisa, seier studieinspektør ved Os gymnas, Rune Rosland, om det internasjonale prosjektet gymnaset tar del i.
- Problemstillinga blei plutseleg veldig aktualisert med tanke på flyktningkrisa, seier studieinspektør ved Os gymnas, Rune Rosland, om det internasjonale prosjektet gymnaset tar del i.

Vidarefører vellukka samarbeid

Os gymnas held fram med internasjonale samarbeid. Neste veke reiser elevar og lærarar til Nederland, i samband med EU-prosjektet Erasmus+.

Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020.

- EU ønskjer integrasjon i Europa, og god dialog på tvers av grenser. Difor finansierer dei prosjekt alt frå grunnskulen av, til og med universitet- og forskingsutdanning, fortel studieinspektør Rune Rosland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har jobba saman før

Os gymnas søkte om stønad saman med skular frå fire andre land: Tyskland, som er hovudkoordinator, Latvia, Nederland og Italia.

- Me har samarbeida med desse skulane tidlegare, i eit prosjekt som heitte Commenius. Det var òg eit to-årig prosjekt. Då var temaet framande artar som følgje av klimaendringane. Prosjektet var veldig vellukka. Me trudde ikkje me koma til å få midlar denne gongen, så det var veldig gledeleg då me fekk meldinga om at søknaden vart godkjent, seier Rosland.

Aktuelt tema

Rammeprogrammet er Erasumus+, og smittsomme sjukdomar på tvers av landegrensar er arbeidstemaet til prosjektgruppa.

- Problemstillinga blei plutseleg veldig aktualisert med tanke på flyktningkrisa. Men dei skal ikkje berre ha fokus på smitte gjennom menneske. Elevane tek også føre seg smitte gjennom eksport og import av varer, som til dømes mat.

Dei fem samarbeidslanda skal vitja kvarandre i løpet av inneverande, og neste skuleår.

- Latvia var først ut, og neste veke reiser fire elevar og to lærarar frå Os gymnas til Nederland saman med dei andre samarbeidslanda. Temaa under opphaldet er kjønnssjukdomar og smitte gjennom dyr, seier Rosland.

Gymnaset er vert i 2017

Elevane søkjer om å få vera med på dei ulike turane. På kvar tur får fire elvar vera med, saman med to lærarar. Under besøket i dei ulike landa, jobbar elevane i grupper samansett av dei fem landa.

- Me ser på søknadene og plukkar ulike elevar til kvar tur. Dei synest det er kjekt å jobba saman med elevar frå dei andre landa. I februar 2017 er det vår tur til å vera vert. Då kjem alle samarbeidspartnarane til gymnaset, seier Rosland.