- Vi må ta vare på dei skulebygga vi har
Ideelt sett skulle SVs Birgitte H. O. Skibenes også ønskt seg nye skular i Fusa. - Men vi er nøydde til å ta økonomien til kommunen inn over oss, seier partiets ordførarkandidat.
Skibenes understrekar at ungdomsskulen spesielt, på langt nær har den standarden ein ønskjer.
- Hadde vi hatt pengar, hadde det vore kjempeflott med nye skular. Ei investering for framtida. Men lånet skal betalast ned, og pengebruken vil gå ut over det øvrige driftsbudsjettet, seier ordførarkandidaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stoda er nemleg den at kommunestyret som tek over stafettpinnen i oktober, startar neste fireårsperiode med eit underskot. I tillegg er fonda til kommunen så godt som tomme.
- Å halda skulane ved like er utruleg viktig. Vi er nøydde til å ta vare på dei bygga vi har, seier Skibenes.
På vippen
SV er oppteken av at Fusa skal ha ein god, offentleg skule. Skibenes meiner også at ein må lytta til folket, før ein eventuelt går inn for å gjera endringar i strukturen. Ho viser til Agenda Kaupang sin rapport, der det vert påpeika at dersom strukturendringa skal vera vellukka, så må ho ha allmenn aksept.
- Det finst gode argument både for å endra, og for ikkje å endra strukturen. Dersom innbyggjarane i Fusa ikkje ønskjer ei endring, så kjem ikkje SV til å gå inn for det heller, seier Skibenes.
I debatten kring ny skulestruktur, saknar Skibenes ei presisering av kva dei ulike partia eventuelt vil gjera med skulane som vert "til overs".
- Fleire privatskular er det siste SV ønskjer. Vi kan ikkje støtta eit vedtak som gjer at det vert opna fleire privatskular i Fusa. Då kan vi like så godt ta vare på dei skulane vi har, meiner Skibenes.
- Ikkje realistisk
Aud-May Boge (H) trur Framstegspartiets forslag om å byggja tre nye skular ikkje er mogleg å gjennomføra i nær framtid. Ho synest forslaget er spesielt med tanke på den økonomiske situasjonen kommunen er i.
- Vi er i ein situasjon der vi skal prøva å redusera kostnadene. Går vi inn for eit alternativ der vi skal byggja nye skular, vil vi i staden påføra kommunen store utgifter til renter og avdrag kvart år, påpeikar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgres ordførarkandidat meiner det er fullt mogleg å vidareføra dagens struktur.
- Strukturen er viktig for å vidareutvikla bygdene, men også for å styrkja sentrum. Fusa treng fleire barnefamiliar, og ved å vidareføra dagens struktur har vi noko å tilby som ikkje alle andre kommunar har, seier Boge.
Skulane som i første omgang ser ut til å vera i faresona, Strandvik og Holdhus, har begge godkjenning frå Utdanningsdirektoratet til å starta privatskule. Dette gjer situasjonen ekstra krevjande, ifølgje Boge.
- Uavhengig av om me stengjer skulane, eller om me byggjer ein ny, felles skule, så har Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA sagt at dei vil starta private skular, seier ordførarkandidaten og legg til:
- Kommunen kan sjølvsagt seia nei til å leiga ut, eller å selja skulebygga til dei private aktørane, men vi kan ikkje nekta dei å starta opp verksemda.
Heller ikkje argumentet om at Fusa kommune bør endra skulestrukturen medan ein enno har sjansen, medan ein enno berre er Fusa, og ikkje del av ein større kommune, meiner Boge held mål.
- Det er betre å setja seg til forhandlingsbordet med skular og andre einingar som fungerer godt, enn ei gjeld som vi ikkje klarer å handtera, understrekar ho.
Fleire privatskular er det siste SV ønskjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Birgitte H. O. Skibenes
Kommunen kan sjølvsagt seia nei til å leiga ut, eller å selja skulebygga til dei private aktørane, men vi kan ikkje nekta dei å starta opp verksemda.
Aud-May Boge (H)