Blinkskot: Kalv på veg opp.

— Vi fekk nyss i at dei var i fjorden. Då kasta vi oss i bilen

Køyreturen og leitinga gav god avkasting.

Kjartan Pedersen (43) publiserte i helga eit bilete av ein spekkhoggar-kalv i sosiale medium.

43-åringen har fått mykje skryt for blinkskotet. No fortel han korleis det gjekk til at han fekk høve til å følgja ein flokk med spekkhoggarar ganske tett på laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det starta med at vi fekk nyss i at dei var i fjorden her. Då kasta vi oss i bilen, seier Pedersen.

Saman med ein kompis starta han å speida frå bilen ut over fjorden. Ferda tok dei frå Skjørsand, forbi Eikelandsosen til Holmefjord og Ådland.

— Der fann vi dei først. Då var det ei snekke, som køyrde rett inn i flokken, som øydela moroa, seier Pedersen.

Men dei to klarte å sjå kva retning flokken var på veg. Dei sende også ut ei melding om at spekkhoggarar var på veg inn mot Eikelandsosen, i tilfelle fleire var interesserte i å sjå dei.

— Vi fekk sjå at dei jakta og “hoppa og spratt”. På parkeringa ved bubilane var det veldig livleg. Det flokka på med folk, fortel Pedersen.

“Showet” varte ei stund. Pedersen fortel at det opphavleg var om lag ti spekkhoggarar i éin flokk, men at flokken delte seg, og det var råd å sjå dei fleire stader inne i fjorden på tett hald.

— Nett kor mange menneske som samla seg, veit eg ikkje. Eg hadde mest blikket vend ut mot fjorden. Det var viktigare å forsøka å få nokre blinkskot og dokumentera.

Hobbyfotografen fekk ei svært god oppleving, saman med fleire andre. Men han vil leggja til at det er viktig å la spekkhoggarane få fred.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er viktig å halda avstand, og ikkje koma for tett på dei, seier Pedersen.