VG: Navarsete vert statsforvaltar i Vestland
Tidlegare Sp-leiar og eksstatsråd Liv Signe Navarsete (63) vert ny statsforvaltar i Vestland. Ho tek over etter Lars Sponheim.
Det skriv VG på nettsida si.
Ifølgje avisa bestemte regjeringa utnemninga under regjeringskonferansen torsdag. Dermed vert det offisielt hjå Kongen i statsråd fredag føremiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Navarsete, som takka nei til attval på Stortinget i 2020, har vore både samferdsleminister og kommunal- og regionalminister i tillegg til å vera leiar i Senterpartiet og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.
Navarsete har hittil ikkje ville kommentera den ferske utnemninga, skriv VG.