Slår fast halvering: – Vi slår fast i den nye regjeringserklæringa at vi ønskjer å halvera ferjeprisane i Noreg, seier Trygve Slagsvold Vedum til VG laurdag kveld.

VG: - Halv pris på ferjebillettar - fleire får gratis ferje

VG skriv at den nye regjeringsplattforma inneheld halv pris på ferjebilletter og gratis ferje på strekningar med under 100.000 passasjerar

Det bekreftar dei to partileiarane og forhandlingsleiarane i Hurdal, Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) overfor VG.

– Vi slår fast i den nye regjeringserklæringa at vi ønskjer å halvera ferjeprisane i Noreg. I øysamfunn utan andre samband enn ferje - blir overfarten gratis. I tillegg blir det gratis ferje på strekningar der det er færre enn 100.000 passasjerar årleg, seier Trygve Slagsvold Vedum til VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Ein gledens dag langs heile kysten vår!

Dei halverte ferjeprisane vil, ifølgje avisa, koma i tillegg den avtroppande regjeringas planar om kutt i ferjeprisane i revidert nasjonalbudsjett i mai.