Vestland med akutt-tiltak til nærings-, samfunns- og kulturliv
Vestland fylkesutval har vedteke ei rekkje tiltak for å dempa konsekvensane av koronaepidemien.
– Midlane som vi no har vedteke å setja inn, er akutt-tiltak for å hjelpa der det trengst mest. No er jobben vår å sikra at vi får mest mogleg effekt ut av kvar krone, samstundes som vi legg planar for korleis vi skal jobba på lengre sikt, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet har løyvd 22,1 millionar kroner til tiltak for reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfasen og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også kulturlivet får støtte frå fylkeskommunen.
Tiltaka omfattar mellom anna:
4,4 millionar kroner til enkeltbedrifter gjennom Innovasjon Norge
Tiltak til reiseliv
Støtte til næringshagar og inkubatorar
Auka tilskot til etter- og vidareutdanning
11,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring (BIO)
3 millionar kroner til å starte nye bedrifter
Artikkelen held fram under annonsen.
9 millionar til forsking og innovasjon
Raskare utbetaling av støtte til kulturlivet, både driftsstøtte og til prosjekt
Sjå detaljane i tiltakspakken her.