1. februar: Planen er at Idar Landro startar i stillinga 1. februar.

Vert ny plan- og byggesakssjef i kommunen

– Det har vore ein omfattande prosess med mange sterke kandidatar.

Idar Landro har vore byggesaksjef i Bjørnafjorden kommune sidan juni 2021. Han har tidlegare jobba som saksbehandlar i Bjørnafjorden kommune, og vore rådgivar i plan- og bygningsetaten i Bergen kommune. Landro har Master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– Det har vore ein omfattande prosess med mange sterke kandidatar. Eg er svært nøgd og stolt over at den beste kandidaten kom frå eigne rekker, trass i sterk konkurranse frå 17 andre søkarar, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling Runar Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er at Landro startar i stillinga 1. februar.