Vert frakta bort frå funnstaden
I løpet av den neste timen skal den omkomne 71-åringen fraktast ned frå fjellet.
- Alpin redningsgruppe skal hjelpa til å få han ned det første stykket. Derifrå er det nokre hundre meter til ein traktorveg. Me reknar med å få han ned i løpet av ein time, seier fungerande lensmann i Fusa, Jarle Matre.
Fall utfor skrent
Røde Kors-mannskap fann spor i snøen på fjellet, og følgde dei til ein skrent. Nedanfor blei mannen funnen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han har falle utfor. Me veit ikkje kva som er årsaka. Me har folk på plass som skal undersøkja vidare, seier Matre.
Alle betjentane i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt har vore involvert i leiteaksjonen. Dei har saman med resten av leitemannskapet, hatt base i Fusa samfunnshus. Då me snakka med Matre, var dei i ferd med å trappa ned.
- No ventar me på at den omkomne skal bli frakta ned, seier han.
Stort leitemannskap
Den omkomne drog på Fusafjellet frå Fusatun-sida klokka 14.00 i går ettermiddag. Kring klokka 17.15 var han i kontakt med kona over telefon. Då sa han at var på veg ned att frå fjellet, og at han rekna med å vera heime i 18-tida.
Klokka 21.00 vart politiet varsla om at mannen ikkje var komen heim. Med tanke på kulda, og mannens høge alder sette dei i gang full leiteaksjon med det same.
- No har me fire politi, folk frå Røde Kors og hundar frå Norske Redningshundar som er ute og leitar i området. Eit Sea King-hellikopter er også kalla inn og søkjer frå lufta, fortalte operasjonsleiar i Hordaland Vest politidistrikt, Tatjana Knappen i går kveld.
Søket har pågått i heile natt og vidare inn i morgontimane. Om lag klokka 09.00 i dag tidleg blei mannen funnen omkomen.