Ventar du på iSushi?
Gründer av iSushi, Roger Johannessen, fortel at sushi-restauranten ikkje vil opna før til våren 2016.
- Eg ser føre meg Os som "ein gladstad". Difor vil eg ikkje opna midtvinters når det er kaldt og surt ute. Det skal vera koseleg, og alt skal klaffa, seier Johannessen.
Vil venta på godvêr
Opninga av den nye restauranten på Minde har stelt mykje tid. No er det berre eit par veker til den opnar, og fokuset vert retta for fullt mot Os. Men sjølv om bruksendringane for lokalet er godkjende, vel dei å venta til etter vinteren.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg vil at me skal vera ein suksess frå den dagen me opnar - at me skal vera ein innertiar. Då trur eg det er best å venta til godvêret kjem, smiler Johannessen.
Ikkje berre sushi
Han har mange visjonar og tankar kring utforminga og konseptet. Men det er ikkje alt han vil ut med på noverande tidspunkt.
- Eg kan ikkje kasta ballen så høgt at eg ikkje når opp for å hedda han, ler Johannessen og held fram:
- Me skal ha sushi, nudlar, chop suey og mykje meir på menyen. Me vil ha noko for alle, slik at det i ein kameratgjeng på fire, ikkje er ein som seier at han ikkje liker sushi, og dei då endar opp med å ta seg ein pizzaslice istadenfor.
Etterlyst av osingar
Måndag skreiv me sak om at Big Chef opnar i Brugata. I den samanheng er det mange osingar som har etterlyst sushi-tilbodet, som vart lansert i vår.
- Det er ingenting som er meir hyggjeleg enn at osingane er klare for oss. Det tyder på at dei er kjend med kvaliteten på maten. I tillegg kjem tilbodet på Os til å bli annleis. Det vert den største iSushi-restauranten vår, og det skal i tillegg vera ein plass kor folk samlast over ein kopp kaffi, seier Johannessen.
Det kjem ein bar tilknytta restauranten, og Johannessen ønskjer å få til uteservering, men det er ikkje eit mål å bli "den nye puben på hjørnet".
Vil tilby det som manglar i Os
iSushi-gründeren går spanande tidar i møte. Tidlegare har iSushi utelukkande vore eit take away-tilbod, men med opninga av den nye restuaranten på Minde, vil konseptet endrast. Han oppmodar osingar til å vitja Minde-restauranten for å få ein peikepinn på korleis Os-restauranten vil sjå ut. Når opningsdagen på Os ein dag kjem, ønskjer gründeren at dei skal dekka alle behov for osingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er målet. Me vil tilby osingane det som manglar i Os i dag. At me vert etterlyst, ser eg på som positivt, men me må gjera dette i rett tempo, smiler han.