Venstre i veret
Om det er dei siste vekers flyktningedebatt som gjorde utslaget eller noko anna: Venstre gjorde eit kanonval på Fusa vidaregåande skule.
Av praktiske årsaker vart det berre gjennomført fylkestingsval ved Fusa vidaregåande skule. Røyster vart gitt elektronisk. Og sjølv om elevar i vidaregåande truleg har omtrent like mykje peiling på kva fylkekommunen driv med som det folk elles har, gir valresultatet ein indikasjon på kva politiske sympatiar som er i vinden for tida. Om dette resultatet vil gi seg utslag lokalt, er vanskeleg å spå om.
Av 230 elevar var det 198 som brukte røysta, altså 86,1%. 166 røyster vart godkjende, 32 vart forkasta og 17 røyster var blanke. 15 parti kunne røystast på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ned med Ap
Samanlikna med skulevalet i 2011 er det dels svært store skilnader. Den gongen hadde Stoltenberg si andre regjering site i seks år. Sist gong fekk Ap 27,3 %, no er dei nede i 15,7%. Regjeringspartnaren Sp har framgang med 19,3% mot 17,3 i 2011. Det tredje partiet i regjeringa den gongen, Venstre, skyt i veret i dette skulevalet med 15,7 mot 1,8% sist.
Frp tilbake
På andre sida av det politiske spekteret går Framstegspartiet tilbake, dei får 19,3% mot 25,5% sist, medan Høgre går fram, og endar på 13,3% frå 11,8% for fire år sidan. Elles er det små endringar. Piratpartiet fekk sju røyster, Partiet De kristne ei- og Feministisk initiativ to røyster.
Ap og Frp går sterkt tilbake, H og Sp går litt fram og V går rett i veret. Ill: Øystein Lid.