— Vemodig, nei. Eg vil heller seia det er godt å vera ferdig
— Eg bestemte meg vel eigentleg i fjor sommar.
I 37 år dreiv ho Lepsøy gartneri. No har Hildegunn Lepsøy stengd drivhusa sine for godt.
Etter planen skulle ho halda på til ho vart 70 år, men slik vart det ikkje. Dermed står dei tre drivhusa nedanfor Kongshaug musikkgymnas denne våren tomme for første gong sidan starten i 1987.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Eg bestemte meg vel eigentleg i fjor sommar. Eg er blitt 67 år og har kjent meir på det for kvar sesong som er gått. No var det nok, konstaterer Lepsøy.
Ho vedgår at ho ikkje har kommunisert nedstenginga særleg høgt.
— Dei som kjenner meg, veit det, men elles er det ikkje annonsert på noko som helst måte, så det kan jo vera greit å få presisert det, slik at ikkje folk får bomturar ut her, seier pensjonisten.
Dyr straum og mykje arbeid
Hildegunn er på ingen måte nedstemt sjølv om ho denne våren for første gong ikkje skal halda gartneriet ope.
— Vemodig, nei. Eg er vel heller meir letta. Det har vore mykje arbeid og styr med å halda gartneriet ope. I tillegg har straumen vorten dyrare og dyrare, så nei, det er eigentleg ganske godt å vera ferdig, vedgår ho.
— Men du har hatt mange gode kundar opp gjennom åra. Blir ikkje dei eit sakn?
— Jo, det må du få med. Eg har hatt mange gode og trufaste kundar. Det er vel dei eg kjem til å sakna.
— Kva gjer du på no, då?
Artikkelen held fram under annonsen.
— No har eg meir tid til familie og vener. Dessutan har eg fleire hobbyar. Eg liker å sy bunad og eg liker å gå på tur. No får eg meir tid til begge delar og det gler eg meg over, fortel Hildegunn, som faktisk er på tur medan me pratar med ho på telefonen denne tysdagen.
— Og kva skjer med drivhusa?
— Dei blir vel ståande tomme.
— Du skal ikkje leiga dei ut eller selja noko av inventaret?
— Nei, eg vil ikkje ha framande inn på bruket her. Når det kjem til utstyr,er det nok såpass gamalt at eg tviler på at det er noko eg får selt. Nei, det får stå som det står, så får me sjå med tida, slår Lepsøy fast.