Vegen opna for alle etter trevelt
Entreprenør har vore på staden og rydda opp.
Kl. 5.46 melde Vegtrafikksentralen på X at fylkesveg 5110 mellom Holdhus og Hålandsdalen var stengt for større køyretøy på grunn av eit velta tre.
Treet skal ha velta nær innkøyringa til Hålandsdalen kyrkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
I halvsju-tida kom meldinga om at vegen var opna att for alle.
Då Os & Fusaposten snakka med Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune litt før kl.6.30, var hendinga framleis ukjend for dei.