– Velkomen i hus!
Knut-Jarle Aspenes var strålande nøgd med å få Rørleggeriet i hus torsdag. – Det er så herleg med osingar som satsar, seier huseigaren i Næringsparken.
Like etter lunsjtid torsdag opna Rørleggeriet sin nye butikk i Os Næringspark. For dei tilsette, kundane og huseigaren var det ein stor dag.
– Det er så kjekt å få engasjerte folk i bygda. Folk som vågar å satsa, smilte Knut-Jarle Aspenes då han stakk hovudet innom den godt over 300 kvm store butikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Jan Erik Særvold takka pent for skrytet og baud han på ei kort omsyning.
– Me har stått hardt på dei siste dagane. Siste utstillingsmodellane skrudde me opp i natt, røpte Særvold.
– Det er blitt kjempefint her. Dette er skikkeleg forseggjort, skrytte Aspenes vidare.
– Er det litt ekstra kjekt at det er osingar som er komne inn her?
– Det er alltid kjekt med osingar som satsar i bygda, konstaterte Aspenes.
Full trøkk
Særvold og medeigar Kai Paulsberg var strålande nøgde med besøket etter opninga.
– Her renn det inn med folk. Både gamle og nye kundar. Held det fram slik er det berre å spretta champagnen, humrar dei to.
Blant kundane var det mange som lèt seg imponera over det store utvalet og mengda av baderomsmøbler.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men me har også fått skryt for at me har fåt på plass ei avdeling for teknisk utstyr, samt vaskeroms-møbler og eit studio der kundane kan få hjelp til å teikna sine eigne bad, fortel Særvold og Paulsberg.
I lag med kundane og kollegaane feira dei dagen vidare med langope, kvit dame og kaffi.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no