Vegvesenet skeptiske til bustader nær raud støysone
Statens Vegvesen har nokre innvendingar mot å etablera bustader oppå butikk så nær E39. No krev dei støyrapport.
Dei 21 bustadene på toppen av ein ny butikk på Halhjem skal ifølgje planen byggjast like ved E39.«Os og Fusaposten» skreiv om saka sist veke. Ifølgje eit nytt innspel frå Statens Vegvesen ligg tiltaket "kloss opp mot raud støysone".
- Sjølv om bustadeiningane er lokaliserte i gul støysone, vil dette vera utfordrande for bumiljøet, skriv dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grensa for raud støysone går ved 65 desibel utrekna som ein utjamna døgnverdi, og gul støysone startar på 55 desibel.
- Vegvesenet er stadig i kontakt med folk bur langs vegnettet vårt, og som opplever at støy og støv forringar livskvaliteten deira. Vanlege symptom på dette er søvn- og konsentrasjonsvanskar, hovudpine, høgt blodtrykk og luftvegsproblem, skriv Vegvesenet. Dei krev difor at det må utarbeidast ei støyrapport utført av firma med støyfagleg kompetanse som del av ei konsekvensutgreiing.
Krev gangveg ned til rundkøyringa
I brevet legg dei også vekt på omsynet til mjuke trafikantar.
- Butikken som er tenkt realisert vil ha eit godt kundegrunnlag både frå ferjetrafikk og frå dei større bustadområda på Bjørnen. Me ber difor om at planområdet vert utvida til også å gjelda fram til rundkøyringa på Halhjem, der utbetring av gang- og sykkelveg med ei breidde på 4,5 meter inngår som eit krav i planen, skriv dei.
Frå før er det lagt opp til fortau inn mot båe kryssa som skal etablerast i samband med prosjektet. Men Vegvesenet seier at det også bør lagast lokale vegar/stiar for mjuke trafikantar fram til busshaldeplass og butikkområde.
Dei ber også om at det blir sett av eit areal med ein breidde på 4,5 meter for i framtida å kunna separera gåande og syklande.
Andre planar
Sidan planområdet grensar til Halhjem ferjekai, ber dei om at desse to planane vert samkøyrde. Det same gjeld for planane dei nye drivarane av Halhjem kafé har.
- Dei ønskjer å endra på tilhøva ved kafeen med tanke på parkering og tilkome til E39, skriv dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt i august 2014 vart det sendt ut oppstartsvarsel om planen i Marivegen på Halhjem. Men ved ein feil fekk ikkje Statens Vegvesen dette. Det er årsaka til at deira innspel kjem først no. Ifølgje plankonsulent ABO Plan & Arkitektur har det likevel vore dialog med Vegvesenet.
Saka skal opp til behandling i plan- og bygningsutvalet torsdag denne veka.