Frå 2. mai vert det forbode å køyra gjennom Liafjellstunellen frå Halhjem. Det kan skapa trøbbel for naudetatane.
Frå 2. mai vert det forbode å køyra gjennom Liafjellstunellen frå Halhjem. Det kan skapa trøbbel for naudetatane.

Vegvesenet går ikkje med på forslag frå naudetatane

Omlegging av E39: Vegvesenet går ikkje med på å stengja sørgåande felt, slik naudetatane ønskjer. Dermed kan dei risikera å bli sitjande fast i trafikken ved akutte situasjonar.

Frå måndag 2. mai og til august skal all ferjetrafikk mot Bergen køyra via Osøyro sentrum. Nordgåande felt av E39 vert stengt frå Liafjellstunellen til Svegatjørn. Denne veka møtte representantar frå naudetatane i Os med Vegvesenet for å diskutera situasjonen.

- Kva skjer dersom me får ein utrykking til Os nord, og må stoppa som følgje av kø? Då går det ut over helse og tryggleik, sa Stein Gjøsund til politikarane i tenesteutvalet onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Særleg utsatt vil det bli i periodar når trafikken frå ferjene, både frå Halhjem og frå Hatvik skal møtast i rundkøyringa i Osøyro som berre har eitt felt.

Av omsyn til Tøsdalsskiftet

I møtet med Vegvesenet lufta Gjøsund og representantar frå Os lensmannskontor om det ikkje gjekk an å stengja sørgåande felt i staden, men dette fekk ikkje gehør hjå Vegvesenet.

- Dei var ikkje villige til å snu. Dei viste til ein konsulentrapport frå Norconsult utført i 2014 som avgjorde dette. Det grunnleggjande var at ei stenging av sørgåande felt ville gje ytterlegare krøll i rundkøyringa med Tøsdalsskiftet. Difor valde dei denne løysinga, og der var dei heilt rigide, sa Gjøsund.

Trafikklys?

Det einaste Vegvesenet såg ei lita opning for, var å evaluera dersom det verste skulle skje.

- Viss det skulle skje at me blir sitjande fast i trafikken ved ein akutt naudsituasjon, var dei opne for at me må kunna evaluera ordninga. Då kan det bli ei løysing at ein set inn trafikklys i kvar ende av det nordgåande løpet, slik at me kan køyra mot køyreretninga (over Mobergsbrua), sa Gjøsund.

Kva med Osfest-tryggleiken?

Det blei også drøfta kva som vil skje når fleire tusen skal innom Osfest første helga i august.

- Me spurde om dei har høve til å opna opp trafikken i båe retningar akkurat den eine helga, og dei sa at dei skulle sjå på det, sa Gjøsund.