Politiet dirigerte trafikken på staden etter ein påkøyrsel bakfrå i Byvegen.

Vegen kosta og opna etter trafikkuhell i Jordmorsvingen

Ei kvinne i 40-åra vart køyrd til legevakta på Moberg.

No klokka 20.37 er vegen kosta og opna att etter eit trafikkuhell i Byvegen ved avkøyringa til Jordmorsvingen i Os.

Ein bil køyrde i hekken på ein annan like over klokka 19 i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var berre ein person i kvar bil, ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra. Begge var vakne og oppegåande, men kvinna vart køyrd til Os legevakt.

Det var materielle skader på begge bilane.

Politiet dreiv manuell dirigering, og det var noko oljesøl på staden.

Det er oppretta sak etter hendinga, men politiet har ikkje teke beslag i førarkort.