Vegen er stengd etter front mot front-ulukke: Éin førar mistenkt i saka
E39 ved Søfteland er stengd grunna ei trafikkulukke for andre gong i dag.
Oppdatert: Vegen blei opna rett før klokka 19, ifølgje vegtrafikksentralen.
Tidlegare søndag var det to bilar og ein motorsykkel som var involverte i ei trafikkulukke. Der skal motorsyklisten ha fått tilsyn av helse på staden. Som følgje av ulukka var vegen stengd ei stund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre nokre timar seinare, blir det meld om ei ny ulukke.
— Naudetatane er nett komne fram. Ingen skal vera fastklemte. Vegen er heilt stengd, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund og legg til at han på noverande tidspunkt ikkje sit på meir informasjon.
Ulukka skal ha skjedd ved krysset til Gåssandvegen, rett over fotballbanen Stilvoll.
To bilar skal ha kollidert front mot front.
Siste oppdatering frå politiet er at det ikkje er snakk om alvorlege personskader. Fire involverte i ulukka. Dei blir sett til av helse på staden. Bilberging er på veg. Politiet vil forsøkja å få trafikken i gang mellombels ved hjelp av brannvesenet.
Ein førar mistenkt for å ha kome over i motsett køyrefelt. Det blir gjort avhøyr av vitne og førarar, skriv politiet på Twitter.