Vedtok å leggja ned Holdhus og Strandvik skular
Kommunestyret i Fusa gjekk i dag inn for å leggja ned skulane i Strandvik og Holdhus.
Vedtaket vart gjort med knappast mogleg fleirtal. Skulane er vedteke nedlagde frå hausten 2016.
Opposisjonen hevdar likevel at siste ord i saka ikkje er sagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
FAU-leiar ved Strandvik oppvekstsenter, Tone Andreassen Vik, var ei av dei som var opprørt etter vedtaket.
- Dette er ein siger for demokratiet, seier ho ironisk etter at vedtaket var fatta.
- Ordføraren takka for debatten, men det var jo ingen debatt, legg ho til.
- Kvar gjer de no?
- No vert det privatskule, seier Andreassen Vik.
Me kjem med fleire reaksjonar etter kvart.