Utanom Osøyro som sjølvsagt kommunesenter, er dei blå områda framtidige senter og dei raude områda senter me har alt i dag, som skal vidareutviklast.
Utanom Osøyro som sjølvsagt kommunesenter, er dei blå områda framtidige senter og dei raude områda senter me har alt i dag, som skal vidareutviklast.

Vedtok å ha åtte senter i Os

Kvar dei 20.000 osingane som skal flytta hit dei neste åra skal bu, vart bestemt i går.

Ein flunkande ny kommuneplan vart i går vedteken i Os kommunestyre. Planen er ein langsiktig visjon for alt frå folkevekst, folkehelse og miljø til kunst, arealstrategi og brannvern. Med andre ord ein plan som skal gje ein grunnleggjande retning for nesten all kommunal verksemd i tida framover.

Berre vakre ord?

Enkelte av punkta i planen framstår som noko sjølvsagte, med formuleringar som at "born og unge skal ha varierte fritidstilbod", og at "samfunnstryggleik og beredskap bidrar til ein trygg og robust kommune". Terje Sperrevik (TvS) gav planen like godt terningkast tre. Helge Nygard (KrF) var redd for at det berre vart mange vakre ord, og at planen berre vil bli nok ein plan, liggjande i ein skrivebordsskuff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Terningkast 6 minus

Men ordførar Terje Søviknes meinte at det var ingen grunn til bekymring. Han viste til at den førre kommuneplanen hadde vore hyppig brukt og hadde gjeve ei retning for kommunen, og trudde difor at den nye planen også ville koma til nytte. Han gav karakteren 6 minus til den nye planen. Også Lars Atle Skorpen (Ap) var godt nøgd med planen, og han tilrådde alle innbyggjarane i bygda å lesa dei knappe 28 sidene. Særleg likte han godt prinsippet om at alle osingane skal ha tilgang til eit "nærfriluftsliv".

Dei åtte sentra

Om politikarane meinte at planen enkelte stader kunne vera vassen, var planen konkret nok på det som har med folkevekst å gjera og kvar folka skal bu. Med ein folkevekst på 3 prosent årleg har det blitt anslått at kommunen vil ha 40.000 innbyggjarar i 2040. Bustadbygging skal primært skje der det alt finst eksisterande infrastruktur og vegar. Dette vil gjera eksisterande senter større, og i tillegg vil me få to nye senter i bygda. Til saman vil me då få åtte senter i Os:

 

Stad

Funksjon

Osøyro

Kommunesenter

Lyseparken

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalsenter

Bjånes

Nærsenter

Søfteland

Nærsenter

Lysefjorden

Nærsenter

Nore Neset

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærsenter

Søre Neset

Nærsenter

Søre Øyane

Nærsenter

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

 

 

Sentra vert delt inn i tre. Kommunesenter (Osøyro), lokalsenter og nærsenter. Eit lokalsenter skal tilby handel og tenester for eit større lokalområde. Per i dag har me ikkje dette, men planen legg opp til at Lyseparken i framtida vil få ein slik funksjon. Dei øvrige sentra blir definert som nærsenter. Det er eit mindre senter med detaljhandel som daglegvare, post, private og offentlege tenester dimensjonert for nærmiljøet.

Bustadbygging kring Osøyro

I tillegg til å vera kommunesenter, er Osøyro definert som regionsenter i fylket. Det gjev nokre ekstra føringar for framtidig utvikling:

* Offentleg og privat tenesteyting samt detaljhandel skal lokaliserast i sentrum eller innanfor 10 minutt gåavstand frå sentrum. Bustadbygging i same område skal ha høg arealutnytting.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Einebustader kan berre byggjast utanfor kommunesenteret Osøyro, og utanfor området definert som 10 minutt gåavstand. Unntak er einebustader i etablerte einebustadfelt nær kommunesenteret. Dei områda som ligg innanfor 20 minutt sykkelavstand frå sentrum vert rekna som særleg gode område for bustadbygging.

* Innanfor området skal det byggjast vidare på eksisterande infrastruktur, på noverande gang- og sykkelvegsystem og etablerte bustadområde.

?* Ålmenta skal sikrast tilgang til strandsona og større samanhengande grøntområde når reguleringsplanar vert utarbeidd.

 

Politikarane vedtok planen med berre nokre mindre endringar.