Vedgår at hurtigtestane kan gje falsk tryggleik. Hadde helst sett fleire påbod

Strengare: Den assisterande kommuneoverlegen meiner ein burde kome med strengare tiltak.

— Ja, det kan vera eit problem om ein testar seg for tidleg. Karantene er heilt klart tryggare, seier Jonas Nordvik Dale.

Den siste tida har fleire skular i kommunen hatt smitteutbrot blant elevane. Likevel er det ikkje noko som tilseier at ein vil byrja å senda folk i karantene igjen. I alle høve ikkje på denne sida av jul.

Les også
Pressekonferanse kl 19 i kveld: Nakstad trur tiltaka vil redusera trykket på helsevesenet
Les også
Kjerkol varslar nye nasjonale tiltak tysdag: – Det blir tiltak vi vil merka i kvardagen

— Det blir offentleggjering av nye tiltak i kveld, men eg trur ikkje det omfattar karantene på elevar. Slik eg forstår det, er regjeringa veldig opptekne av å halda skulane i gang fram til jul, seier Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den assisterande kommuneoverlegen meiner ein burde kome med strengare tiltak.

— Generelt meiner eg det er for mykje tilråding og for lite påbod. Eg trur det er vanskelegare for folk å forholda seg til tilråding, og eg trur at påod vil gje oss sterkare smittevern, seier han.

Les også
Set sin lit til at TISK vert gjeninnført i kveld: — Folk er kjempeslitne

Falsk tryggleik

Bjørnafjorden kommune har vore i fleire møte med Stasforvalteren den siste tida. Her har dei spelt inn at karantenetid for elevar som har vore tett inn på andre elevar som har fått korona, burde gjeninnførast.

— Slik eg forstår det, vert det ikkje innført karantenetid. Om då kommunen her lokalt kunne innført dette, er eg usikker på. Men det hadde i alle høve vore bra for smittevernet, seier han.

— Forklar?

—Slik det er no, skal elevar som går i klasse med dei som er blitt smitta, testa seg sjølv ved neste skuledag. Den testen kan gje ein falsk tryggleik. Inkubasjonstida er frå 3 til 5 dagar. Då kan ein få ein negativ prøve, sjølv om ein alt er smitta, forklarar Dale, og held fram:

— Difor har me her i kommunen sagt at ein også må testa seg ein gong til i løpet av eit par dagar, for å vera sikker på at den negative testen vitterleg var negativ, seier han.

— Då kan fleire ha hatt korona og smitta mange medan dei trudde dei var negativ?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, nettopp, og dette er jo grunnen til at me er mange som meiner at når smitten i landet er som han er, vil karantene vera det einaste rette for verkeleg å få avgrensa smitten, slår Dale fast.