Vatn trengde inn i kjellaren på Strandvik montessoriskule
Brannvesenet jobbar for fullt med å pumpa vatn ut av kjellaren på skulen i Strandvik. Drifta av skulen vert ikkje nemneverdig påverka.
- Her er det armar og bein, seier vakthavande ved teknisk i Fusa etter den massive nedbøren i Os og Fusa i går kveld og natt.
Kjellaren på skulen er ein av tre som brannvesen jobbar og har jobba med å tømma for vatn i kommunen. I tillegg har det kome inn vatn i to andre private hus.
Artikkelen held fram under annonsen.
På det meste har det stått opp til 60 cm vatn.
- Me jobbar med å få tak i fleire pumper. Me har fått ut ein del vatn, men framleis trenger det inn meir i eitt av husa, seier vakthavande som er i Strandvik.
Elles har teknisk fått meldingar om fleire vegparti med overvatn, men har ikkje den fulle og heile oversikta enno,
Rektor ved Strandvik Montessori skule, Heidi Baldersheim, stadfestar at skulen vert drifta som vanleg i dag.
- Dette er ikkje fyrste gongen me opplever at det trenger inn vatn i kjellaren her, og me er ikkje avhengige av kjellaren for å gjennomføra ein tilnærma normal skuledag, seier Baldersheim.
Ho fortel at det er for tidleg å seia noko om skadeomfanget.
Det er forøvirg sett av millionbeløp til flaumsikring av Vikelva i det pågåande arbeidet med områdeplan for Strandvik.
jostein@osogfusa.no