Fuktig førjul: Det blir rikeleg med dammar i Eikelandsosen og andre stader i Bjørnafjorden også dei neste dagane.

Våt førjulsveke - med eitt unntak

– Éin dag skil seg ut med sol og frostig vêr.

Det har vore ein svært fuktig desember på Vestlandet. I helga kom det tett opp mot 100 mm i løpet av berre 24 timar. I tillegg herja stormen i store delar av fylket.

Måndag føremiddag løya vinden, men regnbyene heldt seg framleis tette over Bjørnafjordens innbyggjarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I kveld blir det fleire regnbyer. Ikkje store nedbørsmengder, men jamt fuktig over heile kommunen dykkar, fortel meteorolog Ole Henrik Botvar frå Meteorologisk institutt.

Jamn vått over tre dagar

Heller ikkje vidare utover veka ser det ut til at regnet vil stoppa opp.

– Frå og med tysdag ettermiddag til torsdag ettermiddag vil det regna ganske kontinuerleg. Me snakkar om kring 60 mm totalt, mest mellom klokka 13 og 16 onsdag, fortel Botvar.

Til og med torsdag vil temperaturane vera som no, men så vil dei falla.

– Fredag blir unntaket. Då blir det skyfritt, sol og frostig vêr. Om du skal ut og få litt julestemning, så er kanskje det dagen, ler meteorologen.

Laurdag blir det vått igjen.

– Det blir vått også til helga, men korleis det blir i juleveka, er litt tidleg å seia. Kvit jul er ikkje heilt usannsynleg, men det er for tidleg å seia no, seier Botvar.