Mistanke om rus: Mannen hadde ikkje gyldig førarkort, i tillegg er det mistanke om ruskøyring.

Vart taua bort etter å ha køyrd inn i parkert bil

Politiet mistenkjer ruskøyring.

Ein bilførar i 30-åra vart seint torsdag kveld/natt til fredag stoppa av politiet i Industrivegen.

Mannen hadde ikkje gyldig førarkort, og vil bli meld for dette. Det er også mistanke om ruskøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen hans vart taua bort frå staden, men politiet har ikkje teke beslag i han.

Politiet opplyser vidare at ein parkert bil i området kan ha blitt skadd av nemnde bilførar. Eigaren av den parkerte bilen har meld saka til politiet.