Vart fråteke førarkortet
46-åring vart fråteke førarkortet ved Er-An torsdag kveld.
Mannen vart stoppa i 20-tida. Politiet opplyser at han «køyrde vinglete på Byvegen ved Er-An i retning Bergen».
– Han blei stoppa litt nord for kommunegrensa. Han hadde alkoholkonsentrasjon i utåndingsluft over lovleg verdi, og blei anmeldt for køyring i påverka tilstand og er fråteke førarkortet, opplyser innsatsleiar Christine J. Grindstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
.