Varslar om flaumfare på Vestlandet
Bjørnafjorden er blant kommunane som i dag fekk varsel om stor fare for jord-, sørpe- og flaumskredfare i dag og i morgon.
I ein mail frå Statsforvaltaren ved beredskapsseksjonen vert ei rekkje vestlandskommunar varsla om flaumfare på oransje nivå for delar av fylket. Varslinga om jord-, sørpe- og flaumskredfare er sett til oransje nivå for indre delar av fylket for torsdag 10.11. og fredag 11.11.
Her kan du lesa varsla om flaumfare og om jord-, sørpe- og flaumskredfare og sjekka varslingsstatus for vår kommune. I tillegg kan du halda deg oppdatert på www.varsom.no.
Artikkelen held fram under annonsen.
I meldinga frå Statsforvaltaren vert kommunen beden om å rapportera om situasjonar som måte oppstå og om tiltak som eventuelt vert sette i verk.