Varaordføraren på kollisjonskurs med ordføraren
- Eg er veldig skuffa og forundra over ordføraren og Ap. Om det går slik det no vert hevda, seier me ikkje berre nei til ein ny storkommune, me seier også nei til dei godene me har forhandla fram på vegner av fusingane, seier varaordførar Magne Djuvik (Frp).
Djuvik har til liks med Kvåle vore del av forhandlingsutvalet som har forhandla på vegner av Fusa kommune.
-Har du fått signal om at dette kom til å skje?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, det har ikkje vore eit einaste signal frå Ap eller frå ordføraren. Snarare tvert i mot, hevdar Djuvik.
Varaordføraren stiller også spørsmål ved dei demokratiske prosessane i saka.
- Er det eit tilfeldig gruppemøte i Ap som skal avgjera heile kommunereforma, undrar han.
- Kommunestyret er eit folkevalgt organ som skal ta avgjerder på vegner av fusingane. Gruppemøta i Ap fungerer ikkje på same måte, legg han til.
Djuvik undrar også på kva som skjer med den planlagte opinionsundersøkinga no som Ap har "avlyst" heile kommunereformprosessen.
- Kvifor vil dei ikkje høyra kva folket har å seia? I samband med skulesaka kritiserte Ap Sp for å ikkje ville leggja saka ut på høyring. No møter partiet seg sjølv i døra, meiner Djuvik.
Ingen garantiar
Varaordføraren meiner standpunktet til Arbeidarpartiet vil få store konsekvensar for Fusa kommune. Ikkje berre går kommunen glipp av reformstøtta på 55 mill. kroner, statstilskotet til kommunen vert også redusert med 3,1 mill. kroner som følgje av det nye inntektssystemet.
- Ved å seia nei til reforma seier me også nei til det me har klart å forhandla oss fram til i lag med Tysnes og Os. Me seier nei til garantien om at ingen kommunalt tilsette skal seiast opp, nei til garantien om at sjukeheimen framleis skal liggja i Eikelandsosen og nei til garantien om at me skal få behalda ungdomsskulen vår og dagens barneskulestruktur, påpeikar Djuvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nokre trur kanskje at me seier ja til dagens Fusa, men det er ikkje rett. Me seier ja til dagens grenser, men den økonomiske situasjonen vert annleis alt frå neste år. Dermed vil det ikkje vera mogleg å driva kommunen vidare med det tenestetilbodet ein har i dag. Slik eg ser det, har vi to alternativ: Å kutta i tenestene, eller å auka eigedomsskatten. Dette vert fusingane stilt overfor i nær framtid. Og av den grunn synest eg det er synd at innbyggjarane i kommunen ikkje får høve til å seia meininga si om saka, slår Djuvik fast.
Tvangssamanslegen?
Djuvik trur prosessen framover vert krevjande, både med tanke på samarbeidsklimaet i kommunestyret, og med tanke på å finna nok pengar til å få hjula til å gå rundt.
- Som følgje av skulevedtaket som vart gjort i førre møte, har me ein økonomiplan og eit budsjett som ikkje er i balanse. Det må reviderast i junimøtet. I tillegg må dei 3,1 mill. me mister frå 2017 innarbeidast i budsjettet for neste år, seier Djuvik.
Varaordføraren er redd for at Fusa kommune kan hamna i ein situasjon der ein vert tvangssamanslegen i runde to av reforma, og at ein dermed går glipp av reformstøtta til inga nytte.
- Kvåle seier at han er provosert av regjeringa sitt råkjør i saka, men Arbeidarpartiet er ogsåforå endra kommunestrukturen i Noreg. Ap på Stortinget har stemt ja til reforma, påpeikar Frp-politikaren.