Vanleg skuledag i Fusa
Skulane i Fusa held førebels ope som vanleg. - Vi vurderer situasjonen fortløpande, seier einingsleiar for undervising, Anne-Merete Mærli Hellebø.
Hellebø var i kontakt med Meteorologisk Institutt fredag morgon. Der fekk ho beskjed om at kommunane som ligg lengst ute mot kysten vil få den sterkaste vinden, og at kommunane som ligg søraust for Bergen ikkje vert like hardt råka.
- Eg sendte ut ein informasjonsmail på føremiddagen i dag og bad alle rektorane om å vurdera situasjonen fortløpande, og å setja inn tiltak dersom det vert naudsynt. Førebels er det vanleg drift ved alle skulane i Fusa, seier Hellebø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva som er stoda for barnehagane i kommunen, veit ikkje Hellebø med hundre prosent sikkerheit. Einingsleiar Irene Kvåle Foer er i møte i heile dag.
- Eg har ikkje høyrt noko, så då reknar eg med at situasjonen i barnehagane er den same som på skulane, seier Hellebø.