Laila Marie Reiertsen er valt inn i familie og kultur-komiteen, og kjem til å jobba tett med barne- og likestilling- og inkluderingsminister, Solveig Horne. (Arkiv
Laila Marie Reiertsen er valt inn i familie og kultur-komiteen, og kjem til å jobba tett med barne- og likestilling- og inkluderingsminister, Solveig Horne. (Arkiv

Valt inn i familie og kultur-komiteen

Laila Marie Reiertsen vert fraksjonsleiar, og har familie som ansvarsområde.

- Det er eit spanande område. Eg trur det kan bli ganske så bra. Dette er eit felt som opptek meg, og er viktig for samfunnet, seier ho.

Positiv til ei utfordring

Då «Os og Fusaposten» spurte Reiertsen kva komité ho sjølv ønska å hamna i, svara ho arbeids- og sosialkomiteen, fordi det var der ho sat sist ho var på Stortinget. Men ho var ikkje framamd for ei utfordring innan eit anna felt. Det er ho ikkje i dag heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Som eg har sagt før, så er eg skrudd saman slik at eg tenkjer at det er postivit med utfordringar. Eg trur familie og kultur-komiteen passar meg godt, seier ho.

Likestilling, inkludering og integrering

Som fraksjonsleiar for familiedelen, skal ho leia heile gruppa. Framover blir det hektisk møteverksemd, og Reiertsen fortel at ho har litt å setja seg inn i.

- Me skal blant anna jobba med likestilling, inkludering og ikkje minst integrering, som er særskilt viktig i desse dagar. Det er mykje der eg må setja meg godt inn i for å kunna gjera ein best mogleg jobb. Eg kjem til å jobba mest med barne-, likestilling- og inkluderingsminister, Solveig Horne, seier ho.