Valprat i høgda
Denne vekas lunsjprat om val tok me med arbeidarar på OBOS sine nybygg i Solstrandvegen.
Sist veke prata me med ambulanse-arbeidarar. Denne veka fekk me innpass hos tre røyrleggjarar frå Skåtun Rørleggarforretning i Fusa. Sigbjørn Sjursen, Stein Ove Samnøy og Nils Ove Sundvor har jobba på bygget i fleire veker. Fredag tok dei lunsjen i det som skal bli ei av dei beste utsiktsleiligheitene i blokk C.
1. Pratar de om lokalpolitikk i lunsjen?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tja, me pratar i alle høve om skulestruktur-saka i Fusa, seier Stein Ove.
- Og me er nok samde om at me må prøva å behalda dei skulane me har, seier Sigbjørn.
- Dersom me skal ha tilflytting, må me jo ha nok skular, legg Nils Ove til.
2. Kva saknar de fokus på i årets valkamp?
- Eigentleg ikkje så mykje. Me er mest glad for at det vert fokusert på skulepolitikken, svarer dei tre.
3. Bør kommunen dykkar ta imot fleire flyktningar?
- Ja. Me har plass til det, og bør stilla opp som andre byar og bygder i Noreg, seier Sigbjørn.
- Alle bør bidra, seier Nils.
Artikkelen held fram under annonsen.
4. Er det sakar som dykkar yrkesgruppe er ekstra opptekne av no?
- Me følgjer jo med på nedgangstidene i oljebransjen. Førebels har det ikkje fått så mykje å seia for vår del, men andre rørleggjarar, som til dømes dei som jobbar i offshore-bransjen, kan jo fort bli berørte, seier Sigbjørn.
- Aukande arbeidsledigheit er jo generelt skummelt og kan gje store ringverknader i samfunnet, seier Nils Ove.
5. Har de bestemt dykk for kva de skal stemma?
- Nei, svarer Sigbjørn kontant.
- Me har jo ikkje så mange val dersom me vil stemma på nokon som vil ivareta den skulestrukturen me har, seier Nils Ove.
- Eg vil også behalda skulestrukturen i Fusa, men eg har ikkje heilt bestemt meg, seier Nils Ove.
6. Er de nøgde med dei som styrer i heimkommunen dykkar no?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Både ja og nei...det var jo dette med skulane då, humrar lunsjtrioen i toppetasjen i blokk C.