Valet 2019: No kan du stemma
Visste du at du kan stemma til haustens val alt no?
Tidleg førehandsstemming er eit tilbod for å sikra at alle veljarar som ønskjer det, skal få avgi stemme.
I Os kan du stemma i Os rådhus i Kommunetorget. I Fusa kan du stemma i Kommunetunet i Eikelandsosen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Til kommunestyret for Bjørnafjorden kommune kan du alt no stemma på ferdige lister med namn på alle kandidatane. Vallistene med kandidatane til fylkestinget i Vestland er ikkje klare enno. Der er det førebels berre mogeleg å stemma på parti, ikkje på person, heiter det på kommunane sine heimesider.
Perioden for vanleg førehandsstemming er 12. august til 6. september. Valdagen er måndag 9. september.
- Hugs at du berre kan stemma ein gong. Dersom du vil stemma både ved kommunevalet og fylkestingsvalet, må du altså gjera det samtidig. For å stemma må du ha med gyldig legitimasjon med fødselsnummer, påpeikar kommunane.
jostein@osogfusa.no