Vald mot politiet

Vald mot politiet, tjuvgods i bil og svaneplaging er noko av det som har skjedd i helga.

Ein rusa mann fekk natt til søndag pålegg frå politiet om å halda seg unna Os sentrum og utestadane der. Då politiet møtte mannen att i sentrum seinare på natta, endå meir rusa, vart han pågripen.

Etter å ha slege seg vrang og mellom anna utøvd vald mot politiet, vart han køyrd i arresten.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dette og fleire andre forhold vert han i dag, måndag, framstilt for varetektsfengsling.

Stolen båt

Søndag vart ein kvit og oransje båt funnen ved gamlemoloen på Haugsneset. Påhengsmotoren, ein fire-fem-hestar, er tidlegare meldt stolen.

Politiet i Os ynskjer tips frå publikum om nokon har sett nokon legga til kai midt på dagen søndagen.

Polsk tjuvgods

Natt til mandag fekk politiet tips om mogleg promillekøyring hos føraren av ein polskregistrert varebil ombord på ferja mellom Sandvikvåg-Halhjem.

Politiet kom til staden og fekk også mistanke om tjuvgods. Føraren vart difor teken i arrest.

Svanefamilien

I løpet av helga skal svanefamilien i Os igjen ha vorten utsette for dyreplageri. Denne gongen frå ungdomar på vasscooter.

Politiet i Os opplyser at politibåten har vore på staden og at tiltak er utført.

Edru i Fusa

Om lag 20 bilar vart kontrollerte under patrulje natt til søndag, melder Fusa og Tysnes lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle bilførarane var edru.