Vakna til eit brak i Torkjelsvegen
Endre Lund vakna til lyden av ein lyktestolpe som knuste gjerdet hans.
– Eg vakna til eit brak. Eg gjekk bort i stovevindauget for å sjå kva det var. Då såg eg at delar av gjerdet mitt var knust og ein lyktestolpe som låg oppå, fortel Lund.
Det skal ha vore ein lastebil som var årsaka til ulukka. Han skal på eit eller anna vis ha hekta seg fast i straumleidningane, og rive med seg både dei og ein stolpe.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Personbilar kjem seg kanskje akkurat under nokre av leidningane, men det er ein del hus som er sperra av. Sjåføren har varsla BKK, seier Lund, som legg til at dette var ein «kjekk start» på tysdagen.
– No skal eg ringja forsikringsselskapet og fortelja at eg har ein lyktestolpe som ligg i hagen.