Vakna av at ei rute knuste i huset

Ein bebuar på Halhjem vakna natt til laurdag av at ein person kasta ein stein gjennom ei rute i huset. Bebuaren rakk ikkje å sjå kven det var, og anar heller ikkje kvifor nokon ville gjera noko slikt.

Kenneth Svenningsen

kenneth@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- For bebuaren er det eit mysterium at nokon ville knusa ruta hans midt på natta. Me etterforsker saka og ønskjer tips dersom nokon har sett eller høyrt noko som kan hjelpa oss med å finna vedkomande som kasta steinen, seier politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Bråk og burning

I tillegg til ruteknusing på Halhjem har det også vore bråk i Os sentrum i helga som var. Natt til søndag vart ein mann i 30-åra bortvist frå ein uteplass i Os etter å ha vore aggressiv, utagerande og høgrøysta.

- Mannen vart teken hand om av nokre kameratar og sleppte difor unna arresten, men han er meldt for bråk på offentleg stad, seier Hadler-Olsen.

Ein annan som kan venta seg oppgjer med politiet er sjåføren som burna i kjellarparkeringa på Amfi Os. Vedkomande svidde såpass mykje gummi at brannalarmen vart utløyst.

- Mannen er meldt for uaktsam køyring og for å ha forårsaka full brannbil-utrykning, seier Hadler-Olsen.

Promillekøyring

Ein mann i 60-åra vart søndag ettermiddag liggjande å driva i Os hamn grunna motorproblem med båten sin. Då politibåten kom til for å hjelpa han, fatta dei mistanke om promillekøyring. Mannen vart teken blodprøve av og er no meldt for båtkøyring i rusa tilstand.