Vågar unge menn å kasta maska?
Unge menn er overrepresentert på sjølvmordstatistikken i Noreg. I år er fokuset på nettopp dette under Verdsdagen for psykisk helse.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdsdagen for psykisk helse er laurdag 10. oktober. I Os vert dagen markert ved to høve - tysdag 13. oktober og fredag 16. oktober.
- Tradisjonelt har me brukt å ha ei generell markering, men denne gongen har me gjort som det har blitt signalisert frå sentralt hald - spissa markeringa mot unge menn, fortel Linn Dahl ved førebyggjande helse i Os kommune.
Iderike ungdomar
Markeringa ho pratar om finn stad på Os ungdomsskule tysdag 13. oktober. Arrangementet er kalla «Sjå kvarandre, kast maska».
I lag med Dagmar Hilde og Ingelill Dedekam Sveen har Dahl site i komiteen som har planlagt kvelden. Torsdag føremiddag fekk «Os og Fusaposten» også helsa på den yngre garde i komiteen.
- Me er så glade for at me fekk med oss desse tre ungdomsskule-gutane. Dette er verkeleg nokre kreative og handlekraftige, unge menn, skryt Ingelill.
Ørjan Sandven, Lauritz Lekven og Daniel Andreasson tek noko motvillig imot skrytet.
- No, me har då ikkje gjort så mykje. Det skulle berre mangla at ikkje nokon frå ungdomsskulen skulle bidra, seier dei tre kledeleg smålåtne 10. klassingane.
- Opplegget for kvelden er i alle høve sterkt utvida etter at desse tre kom med i gruppa. Me er kjempenøgde med samarbeidet, seier Dahl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokon å prata med
Heile 75 unge 10. klasse-gutar er klare for «Sjå kvarandre, kast maska»-kvelden på Os ungdomsskule. Programmet startar med ei sterk historie fortalt av ein ung mann som har hatt det tøft.
- Me får ein kar ved namn Simen Almås her.
Han vil fortelja om korleis han møtte veggen i ung alder, og om korleis han fann vegen ut av problema. Det heile set standarden for resten av kvelden, seier gutane.
- Er gutar på dykkar alder veldig lukka, eller vågar de å prata i lag om problem?
- Her på Os ungdomsskule er me ganske så opne, men det er klart, folk er ulike, og det finst sikkert dei som sit inne med vanskeleg ting, som helst burde hatt nokon å prata med dette om, svarer gutane.
- I så tilfelle er me her for å fortelja litt om kvar ein kan gå dersom ein treng nokon å snakka med, fortel Dahl.
Også MOT-organisasjonen i Os vil vera representert på Os ungdomsskule denne kvelden.
Kveld for refleksjonar
Generelt sett er menn meir lukka som personar. Ifølgje «Verdsdagen for psykisk helse» figurerer unge menn høgt på sjølvmordsstatistikken i Noreg. Forsking viser at noko av årsaka til dette er høge krav, prestasjonsjag, stress og til sjuande og sist, kjensla av ikkje å lukkast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Om ikkje alle unge har det like tøft, er det heilt sikkert mange som kjenner seg att i problem som dette. I så måte er det bra at me får prata ut om det, slik at ein kvar ser at dei ikkje er åleine om å føla på slike ting, seier dei tre kloke gutane.
På neste tysdag skal 10. klasse-gutane få rikeleg med høve til å setja seg inn i andre sine problem.
- Me skal ha to hovudstasjonar. Den eine stasjonen vert i gymsalen. Der vert det teambuilding, lagbygging og fokus på det å jobba saman og dra i same retning. Den andre stasjonen vert her i kantina. Her vert gutane inndelte i grupper og må ta stilling til fleire problemstillingar i ulike case, fortel gutane.
Blant tema dei skal innom er homofili, einsemd (gjerne i tilknyting til det å berre ha vener i spillverda på internett), nettmobbing og utfordringar knytt til å koma frå ein heim som ikkje er like ressurssterk (pengesterk) som den gjengse familie.
Evaluering
Kvelden på Os ungdomsskule vert avslutta med oppsummering i plenum. Denne biten er det Ørjan, Daniel og Lauritz som tek seg av.
- I lag med Simen Sveen tek me då ein kjapp gjennomgang av det me har prata om i løpet av kvelden. Dersom alle er blitt litt meir medvitne på kva ungdom kan slita med av kjensler og utfordringar, så har me gjort det det bra, kommenterer dei tre arrangør-gutane på Os ungdomsskule.
- Om unge gutar i Os skulle ønskja å prata med nokon om tema som dette, så kan dei ta kontakt med helsestasjonen for ungdom i Os, eventuelt via helsesøster på skulane, seier Dedekam Sveen.
Som nemnd over har førebyggjande teneste og avdeling for psykisk helse i Os også eit anna arrangement i Os i samband med «Verdsdagen for psykisk helse». 16. oktober vert det nemleg open dag i Kontakto-lokala i Allakten-bygget i Os sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Visste at du-vignet
Visste du at det i samband med «Verdsdagen for pyskisk helse» er planlagt over 700 arrangement i Noreg, og at denne dagen har vore markert over heile verda i samband med FN-dagen 10. oktober i 23 år.