Uventa snøvêr gav pågang
Ein del hadde alt fått sommardekka på då kong vinter gjorde comeback i morgontimane i dag. Det gav pågang hos Os Taxi.
- Nei, dette kom uventa på mange. I går satt me og solte oss, og i dag låg det kvitt på bakkane, seier Bente Drægni hjå Os Taxi.
Dei opplevde eit lite rush av telefonar i morgontimane som følgje av snøfallet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein del hadde nok alt fått på sommardekka. Ein får jo høyra at tida å gjera det er etter påske, seier ho.
- Men de på taxisentralen hadde framleis vinterdekka på?
- Ja, heldigvis, ler taxisjåføren.
Brøyta snø høgt oppe
Hjå teknisk vakt i Os kommune var dei også førebudde på snøen, og hadde folk i drift med å strø i natt.
- Ja, me såg at det var meldt, og var såleis godt førebudde, seier Jan Terje Lund.
I tillegg til å følgja med på yr.no, har dei også ei eiga værteneste kalla HALO frå meterologisk institutt, som syter for værmelding for etatar med viktige samfunnsoppdrag. Ifølgje Lund får ein betre oversikt over kva klokkeslett dei ulike vêrfenomena vil inntreffa gjennom HALO.
- Har det vore naudsynt å brøyta snø?
- Ja, på dei høgareliggjande områda som Søvikåsen, Langedalen, Midtseter og Eidsbrekka har me brøytt. Enkelte plassar låg det ei hinne med frosen snø. Men me har ikkje fått meldingar om nokon som har gått i grøfta, så me har tydelegvis gjort ein god jobb, seier Lund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frost, før mildvêr
Vêrmeldinga for det neste døgnet seier at det kan frysa på igjen til natta. Så dei som framleis har vinterdekka på, kan truleg med godt samvit ha dei på nokre dagar til. Langtidsvarselet seier derimot at det kan bli opp i mot 11 varmegrader på måndag og tysdag.