Uventa grunnforhold under Henanger bru
Vegvesenet måtte stoppa arbeidet med å midlertidig fiksa Henanger bru då dei såg kor dårleg kvalitet det var på massane under.
Etter at vegmassartorsdag ettermiddag raste ut ved Henanger bru, var Statens Vegvesen i dag på staden for å reparera brua midlertidig.
- Planen var at me skulle byta ut bruplater med betongrøyr. Men då me jobba med det, såg me at massane under var i ganske dårleg forfatning. Det kom litt uventa, seier Melake Gebremichael i Statens Vegvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå betong til plast
Dei måtte difor stoppa arbeidet, og gjera brua midlertidig køyrbar att.
- Betongrøyra har ei ganske stor eigenvekt i forhold til massen under, difor må me byta til plastrøyr, seier Gebremichael.
- Er plastrøyr like haldbare og solide som betongrøyr?
- Dette er standardrøyr som er dimensjonert for å tola vekta dei blir utsette for. Det viktige er at vekta blir fordelt jamnt utover, seier han.
Arbeider nattestid
Å bestilla røyra frå Tyskland vil ta ca ei veke. Gebremichael seier at dei vil gå i gang så snart dei har fått komponentane. Arbeidet vil bli lagt til nattestid, og i perioden vil det vera omkøyring via Ølve og Gjermundshamn.
- Dersom alt går etter planen vil det ikkje vera omkøyring når folk skal på jobb, seier Gebremichael.