Med litt tilpassing er det ifølgje Harald Bjørndal berre ti parkeringsplassar som ryk til dersom gymsalen på Fusa vidaregåande skule vert utvida. (Arkivfoto)
Med litt tilpassing er det ifølgje Harald Bjørndal berre ti parkeringsplassar som ryk til dersom gymsalen på Fusa vidaregåande skule vert utvida. (Arkivfoto)

Utviding må kanskje venta

Bjørnefjorden utbygging AS vil utvida gymsalen på Fusa vidaregåande skule. Fusa kommune meiner utvidinga må takast i samband med områdeplanen for Eikelandsosen. Utbyggjar vil ha svar på om kommunen ønskjer å selja arealet eller ei.

I oktober 2015 søkte Bjørnefjorden Utbygging AS om å få kjøpa eit areal på sørsida av Fusa vidaregåande skule. Arealet skal brukast til å utvida gymsalen til skulen, slik at han stettar krava til volleyballstandarden (skulen har ei eiga volleyballine).

- Vårt forslag er å plassera den nye gymsalen inntil den gamle, slik at eksisterande garderobeanlegg kan brukast. Ein ny sal vil få ytre mål 24 gonger 15 meter, og ha ein innvendig fri høgd på 9 meter, skriv dagleg leiar i Bjørnefjorden Utbygging AS, Harald Bjørndal, i søknaden til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnefjorden Utbygging AS er huseigar for Fusa vidaregåande skule. Arealet ein no søkjer om å få overta er eigd av Fusa kommune, og er regulert til parkering. Utvidinga vil ifølgje søknaden føra til at om lag 20 parkeringsplassar vert borte.

- Men med ei enkel justering kan me tilpassa noko, slik at me reelt mister ca 10 plassar, skriv Bjørndal.

Ny områdeplan

20. april kom svaret frå kommunen. Administrasjonen peikar mellom anna på at utvidinga ikkje er i tråd med gjeldande reguleringsplan.

Vidare skriv ein at Fusa kommune har godkjent søknaden frå AS Sambygg om utviding av Fjord'n senter på tomta bak kommunetunet. Fylkesmannen har akseptert denne dispensasjonen, men var i møte med Fusa kommune svært tydeleg på at han ikkje vil akseptera fleire dispensasjonssaker. Årsaka er at områdeplanen for Eikelandsosen, der Leiro og skuleområdet er viktige brikker, no ser ut til å vera rett rundt hjørnet.

Onsdag skal formannskapet i Fusa handsama saka. Rådmannen råd formannskapet til ikkje å selja arealet. Ikkje på noverande tidspunkt i alle fall.

- Utviding av Fusa vidaregåande skule må takast i arbeidet med ny områdeplan. Dersom det vert lagt inn ei utviding av skulen i planen, er Fusa kommune positiv til å selja naudsynt areal, heiter det i rådmannen sitt framlegg til vedtak.

- Feil å forskottera

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, som arbeider med saka, meiner det er feil av administrasjonen å forskottera fylkesmannen og politikarane i Fusa si handsaming av saka. I eit brev til ordførar Atle Kvåle i slutten av april, bed André Bjørndal om at saka vert teken opp til politisk handsaming.

- Etter vår meining må kommunen i samband med saka vurdera om han vil selja arealet eller behalda det sjølv. Avklaring om mogleg omdisponering frå parkering til gymsal, treng ein ikkje gjera i denne fasen. Det vert i så fall i neste runde, skriv Bjørndal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret på kva politikarane meiner om saka kjem onsdag ettermiddag.